Den nemnde ruta er på åtte taulengder, dvs ca 400meter klatring opptil grad 5 eller 5+
Siste tre vekene har det vore svært varmt i vêret, og klatring har ikkje vore det som har frista mest. Søndag var det derimot meldt meir moderate temperaturar og litt skyer. Troppene vart samla, og min bror Ulrik og klatrekamerat Einar Løken stilte klare til dyst. Ca kl. ni var vi klare på Honndalssætra og vi la iveg innover. Rokken er eit flott skue herfrå,og ein får god oversikt over ruta, denne er skissert på bildet under. Det kvite kvartsbandet er lett synleg, og tredje taulengde startar frå denne hylla.
Fjellet ser veldig mørkt ut,så ein kan fort bli lurt og tru at det er vått i veggen.

Første taulengda er egentlig ikkje skikkelig klatring,meir sikra anmarsj. Andre lengda leda Einar, denne ledar opp til den store hylla med det karakteristiske kvartsbandet som er synleg frå vegen. Herfrå startar den skikkelige klatringa.


Starten på fjerde taulengde, trangt for Ulrik og Einar dernede. Nydelig klatring!
Frank-Jakob ledar 3.taulengde, som også er cruxlengda,står i 5+, kanskje meir grad 5? Det kvite bandet er tydelig.
Det var flotte forhold i veggen, sol og skodde kom om einannan.
Ulrik i slutten av sjette lengda. Nydelig bratt svaklatring!
Klatringa endar opp den store hylla søraust for sjølve toppen. Herfrå er det lett, men utsatt klyving opp toppeggen til toppen. Vel oppe kunne vi nyte den flott utsikta mot Ålesund og havet i nord, Jostedalsbreen i sør.
Vi kunne samtidig konstatere at leggar, nakke og underarmar var skikkelig solbrende som seg hør og bør på klatretur.
Etter litt tid på toppen la vi returen rett ned att egga mot skaret. Alternativt kan ein gå normalvegen ned ryggen mot nordvest til breen, og følge denne rundt fjellet ned til skaret.
Takk til Einar og Ulrik for ein flott tur.
Dette er ein lang tur på 10-12 timar som verkeleg kan anbefalast dersom ein har margin på graden. Klatringa er stort sett fin, omgjevnadane er fantastiske!
Tilslutt vil eg oppfordre andre svedje og fjellarar til å blogge turane sine, reknar med at fleire enn oss er ute.
Frank-Jakob
Jeg (Jan Øhlckers) klatra den sommeren 70 eller 71 med Thomas C. Vi fant spor av engelskmennene (hyller de overnattet på i innsteget). Tror vi fant en noe enklere vei opp, da jeg ikke kan huske 5 eller 5+, men det jo svært lenge siden.
SvarSlett