laurdag, mars 10, 2012
torsdag, mars 08, 2012
Iglobygging
![]() |
| Bygging 2011 på Småeggene. Foto: Ivar Loen Sandbakk |
Iglobygging til vinterfestivalen laurdag 17 mars. Oppmøte klokka 09:00 på skisenteret. Vi gå for tre stk i år so vi får plass til å danse. Ta med mat, drikke, spade, sag og godt humør. Dugnad gir medlemskap i Svedje og Fjell. Gje lyd om du kjem til nokon i styre. Rune. Turøy, Loen, Halvard, Henriette eller Benny. Stabilt, vi sjåast i fjellet!
Verv gjerne ein medlem i Svedje og Fjell og ta han/ho med på iglobygging!
Austrenna karifjellet
Vi fekk utnytta vêrvinduet før lunsj idag, Endre Vonheim og eg. Målet for dagen var austrenna på Karifjellet. Biletet over syner Endre på anmarsjen, ute på den store flanken under veggen. Innsteget er ved det tydelige diederet med mykje is i botnen. Vi gjekk vidare med løpande forankringar grunna gode snø- og isforhold. Ruta følger renna vidare opp mot høgre. Nydelig mixklatring i toppen, toppar ut ved pinakkelen høgt opp i høgre bildekant.
Nydelig isklatring på første lengde.
Endre igang med siste taulengda. Nydelig, bratt mixklating med mykje god is. Toppar ut oppe med den største pinakkelen.
Klatringa var elles prega av mykje vind og spindrift i renna, med dertil lettare forfrysning i ansikt og såre fingrar. Total white-out på toppen, her kom GPS-en på telefonen til Endre verkeleg til sin rett. Retur vestover via Holevatnet.
Takk til Endre for flott tur.
Frank-Jakob
Nydelig isklatring på første lengde.
Endre igang med siste taulengda. Nydelig, bratt mixklating med mykje god is. Toppar ut oppe med den største pinakkelen.
Klatringa var elles prega av mykje vind og spindrift i renna, med dertil lettare forfrysning i ansikt og såre fingrar. Total white-out på toppen, her kom GPS-en på telefonen til Endre verkeleg til sin rett. Retur vestover via Holevatnet.
Takk til Endre for flott tur.
Frank-Jakob
søndag, mars 04, 2012
"Haute Route" Stryn
Ein tur vi lenge har snakka om skulle lørdag endeleg verte ein realitet. Etter noko tids dårleg vêr varta endeleg yr.no opp med påskevêr, og Erlend Folstad, Are Njøten og underteikna starta tidleg morgonen på det som egentlig blir Stryn skisenter rundt. Erlend har tidlegare gått Haute Route i alpane frå Zermatt til Chamonix. Turen vår var og ein slags "Høg rute", og vi alle samde om at forslaget til Erlend høyrtes tøffare ut.
tysdag, februar 07, 2012
Måne, pudder, nordlys og utsikt
onsdag, februar 01, 2012
Sentralrenna på Karifjellet!
Endeleg skulle eg få bli med på Karifjellet ilag med Frank Jakob Sandbakk og Gaute Aabrekk. Dagen starta med sol på toppen av fjellet, og sentralrenna stod der klar til å bli klatra. Vi prata oss på veg oppover mot renna på langrenn før vi trakka oppover på hardpakka snø og tilslutt måtte på med stegjerna. På starten av renna knytte vi oss inn i tau og fann fram isøksene. Franken gjekk først og Gaute og eg tilslutt. Det var første gong eg og Gaute klatra ei slik rute på vinteren så vi var skikkeleg gira når isøksene kom fram. Gjett om det vart ein god dag!Renna var virkeleg flott!
tysdag, januar 31, 2012
Januartur til Skåla
| Per Helge (med fast hæl av alle ting........?) på veg opp til Flatebreen |
Ein aldeles strålandes dag i fjellet sjølv om føre av type betong ikkje ga den ultimate opplevinga ned igjen. Turen opp gjekk greitt. Litt spinning og kloring vart det i nokon heng, men ikkje sånn at det tok frå deg lysta til å forsette til topps. Ok køyring ned til Skaret. Derifrå og ned var det mykje "skruis" som trimma lårmusklane godt.
fredag, januar 20, 2012
Pudder so långt auge kan sjå!
torsdag, januar 05, 2012
Råsa ut i Skredene er trakka
| Råsa er klar ut i Skredene. Får håpe at spora snør ned til helga for det ekje mykje snø i høgfjellet |
Ein liten snikprøvetur ut på Vestsida ekje feil. 15 - 20 cm med pudder opp på ein såle av betong. Generelt lite snø å sjå i høgfjellet, men veldig flotte forhold. Berre å finne fram skia og trimme av juleflesket.
måndag, desember 12, 2011
Mens vi venter....
Satt og gravde litt ned i Mac`n ... da dukket noen glimt fra parken i Steindalen sist vinter opp... "get stoked":) vi har vel et greit område her....
Abonner på:
Innlegg (Atom)




