Svedje og Fjell sin utsendte hamna denne helga på Bulandet for å søke utfordringar i det våte element.
Heidi og Bernt
Seks deltakarar hadde engasjert Jørn Magne frå Askvoll padleklubb til å kjøre nybyrjarkurs i kajakkpadling. Målet vårt var å få Våttkort-bevis. Og rammene for kurset skulle etter kvart vise seg frå sine beste sider.
Klargjering av utstyret søndagen
På fredags kvelden førebudde Jørn Magne oss på kva vi hadde i vente neste dag, og div. skjema om helse etc. måtte fyllast ut. Men vi heldt motet oppe og gru-gledde oss til utfordringane som venta oss.
Laurdagen var det meldt ein del nordavind, og vi padla derfor i le sør for øyane. Her fekk vi innføring i grunnleggande padleteknikkar. Pulsen auka etter kvart som det nærma seg det vi var mest spente på: nemlig å gå rundt i kajakken og bli redda - eller redde seg sjølv etter beste evner....
Alle gjennomførte alle elementa som låg i kursprogrammet, og kursleiar Jørn Magne var meget fornøgd med innsatsen og veirmeldingane for neste dag.
Fullmåne over Bulandet
Søndagen la vi i veg ut mot dei ytterste holmane ved Sandsøyna, og fekk smake på dønningane som kom inn frå Nordsjøen. Faktisk so såg vi Stadfjord-A plattforma i klarveiret!
Dagen vart avlutta med ein og ein halv time bading/redningsteknikk m.m. før vi pakka sakene og satte nasene heimover mot Nordfjord.Sluttord: Dette var ei helg av det sjeldne - dyktig kursinstruktør, vind og bølgjer første dagen, alle gav alt og ønskte å gjennomføre med stil, og ikkje minst: fantastiske omgjevnader. Det er umogleg å prøve å formidle dei inntrykka vi hadde denne helga - det vart faktisk EIT MINNE FOR LIVET. Alle var einige om at vi skal til Bulandet igjen - for å padle og oppleve det rolige livet....
Sjå bilde frå kurset her.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar