Studieturar er verkeleg i vinden, og brattfraksjonen i Svedjeogfjell fann iløpet av ein vêrmessig begredelig vår ut at det var på tide med ein sådan. Valget fell naturleg på Chamonix i Frankrike, av mange rekna som verdas sentrum for alpinisme. Vi satte av ei veke og reiste ned med fly til Genève, som ligg ein times køyretur unna. Vi hadde bra uttelling med vêret og fekk gjort ein del turar. Vi starta med akklimatiseringstur over Cosmiqueryggen på Aiguille du midi. Denne har kort anmarsj og enda kortare retur, og består av lett tinderangling med enkelte opptak grad 4 i stort sett 3500-3600meters høgde. Dagen etter tok vi turen over til Torinohytta i Italia, utgangspunkt til mange av klassikarane i alpane. Vårt val fall på nordveggen til Tour Ronde, ca 600m med mixklatring hovedsaklig på snø og is. Dagane etter gjekk med til meir klippeklatring, først Rebuffatruta i sydveggen Aiguille du midi, deretter nokre bolta fleirtaulengders ruter i Brevent, sjå forøvrig bildetekst under.
På anmarsjen til Tour Ronde tidleg morgonen. Mont Blanc, MB du Tacul og Mt Maudit i bakgrunnen. Litt andre fjell enn vi er vande med her! Legg forøvrig merke til granittårnet Grand Capucin i midten.
Bildetaking på taulengda før cruxlengda Tour Ronde:)
Robin og Odd på uttoppinga av isfeltet i nordveggsruta, Gervasuttirenna ned til venstre. Herfra er det ca 2 taulengder til topps.
Robin på cruxlengda. Klatringa er ikkje spesielt vanskelig, men vi likte oss ikkje her grunna stadig steinspang og is som fall som prosjektil.
Odd på cruxlengda, nydelig isklatring!
Nordveggen Tour Ronde. Følger dei to store isfelta, cruxet er den bratte renna som forbinder desse. Klatringa går stort sett i høgrekant av isfelta med sikring og standplassar i fjell.
Sydveggen Aiguille du midi 3842moh. Populære ruter med mykje folk, ikkje rart, bombefast,solvendt 6-ar klatring i nesten 4000meters høgde.
Odd i starten på Rebuffat-ruta, Contamine til høgre. I starten var granitten polert med dårleg friksjon, og det tok litt tid før en vart vant med underlaget.
Cruxtaulengda rebuffat, grad 6a. Luftig og tynt, fantastisk!! Legg merke til klatrarane oppe i høgrehjørnet.
Rebuffat, bombefast granitt!
Nydelig klatring i Brevent. Her var rutene ein del hardare, fransk grad 6c, solid norsk grad 7. Franskmennene hadde forøvrig tatt seg friheten å boltesikre kanskje tidenes flottaste bolteriss. Hadde aldri gått i Norge, og takk og pris for det!
Bratt svaklatring i Brevent. 20min anmarsj og retur, perfekt for korte dagar!
Rebuffat, bombefast granitt!
Nydelig klatring i Brevent. Her var rutene ein del hardare, fransk grad 6c, solid norsk grad 7. Franskmennene hadde forøvrig tatt seg friheten å boltesikre kanskje tidenes flottaste bolteriss. Hadde aldri gått i Norge, og takk og pris for det!
Bratt svaklatring i Brevent. 20min anmarsj og retur, perfekt for korte dagar!
Chamonix har verkeleg noko for ein kvar, så kanskje vi skulle arrangert svedje og fjell tur til Mt Blanc ein gang?
Takk til vår venn Odd fra Romsdalen og Robin for fantastisk turfølge og flotte minner!
God sommar!
Frank-Jakob
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar