måndag, mai 30, 2011

Karifjellet i ruskevêr

Underteikna og Endre Vonheim har lenge vore gira på å komme seg til fjelles med kileknippet, og søndag fekk vêr vere vêr og vi la avgarde opp mot Karifjellet. Vi hadde en flott tur med elementa nært på kroppen med sterk vind og snøbyger. Retur via Svartevatnet, mykje snø enda, men god bereevne i snøen gjorde at returen gjekk leikande lett.



Starten på første taul.

Kaminen i første taul.

Den store standplasshylla etter 2.lengda. Langt ned til vegen til Holevatnet.

Endre ledar det store svaet i 2.tau, her var det vått og sleipt.

Returen via Svartevatnet. Svarte skyer trugar i horisonten.


Takk for fin tur Endre.


Frank-Jakob

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar