torsdag, juni 02, 2011

Østeggen Bispen, Romsdal

Vêret på desse kantar er fortsatt heilt håplaust, men søndag teikna det til nokre timar opphald og sprekker i skylaget i Romsdalen. Den bratt-orienterte fraksjonen i Svedjeogfjell fatta straks hastevedtak om at tau og kilar burde luftast i Romsdalen. Valget fall på østegga på Bispen i Romsdalen, ei 7 taulengder lang rute i bra fjell, med eit opptak grad 5-, resten mykje 3 og 4. Ruta følger stort sett eggen til høgre i biletet over, men gjer ei kryssing i veggen på den høgrevendte rampa omlag midtvegs. Turen var flott til tross for litt plagsom vind. Ingen tur på Bispen uten rot med returen, og denne var intet unntak. Ein gjekk sjølvagt feil fra toppen og nedstigninga vart meir spennande enn kva vi ønskte. Rådet til etterfølgarar vert iallefall å gå toppeggen heilt ut mot fjellet Kongen før en kryssar ned til venstre.
Vel nede i bilen byrja igjen regndropane å drople på bilruta.
Endre ledar første taulenga. Flott,bratt 4-ar klatring i fast fjell.
Robin følger første taulengda.
Endre følger inn på 3 stand. Luftig og flott, Trollstigen under beina.
Glade karar på toppen!
Flott og grei klatretur som verkeleg kan anbefalast. Normalvegen til Bispen er forøvrig ein flott og krevande topptur i seg sjølv.
Takk for tipp topp turfølge til begge to!
Frank-Jakob

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar