sundag, mars 04, 2012

"Haute Route" Stryn

Ein tur vi lenge har snakka om skulle lørdag endeleg verte ein realitet. Etter noko tids dårleg vêr varta endeleg yr.no opp med påskevêr, og Erlend Folstad, Are Njøten og underteikna starta tidleg morgonen på det som egentlig blir Stryn skisenter rundt. Erlend har tidlegare gått Haute Route i alpane frå Zermatt til Chamonix. Turen vår var og ein slags "Høg rute", og vi alle samde om at forslaget til Erlend høyrtes tøffare ut.
Turen gjekk først til Gryta, som eigentleg berre er ein kjapp avstikker på veg mot Kyrkjenibba. Mykje krevande føre med sintra glasskare, men opp kom ein. Vidare til topps på Kyrkjenibba, denne byr på særs flott utsikt. Herfrå til Botnskrednibba. Vi hadde egentlig tenkt å gå austryggen, men grunna is og skare,samt mangel på stegjern vart denne droppa. Vi gjekk heller opp i søkket mellom denne og Natakupa, entra elegant toppryggen og tok her frå ut på toppen. Flott alpin toppegg, biletet over syner Erlend på dei siste meterane til topps.
 På toppen av Botnskrednibba, nordveggen på Natakupa i bakgrunnen. Enorme skavlar iår. om ein ser godt etter ser ein også siløparar på veg opp til kupa.
Erlend på veg tilbake frå toppen av Botneskrednibba.
Ferden vidare gjekk til Natakupa, dette er kjapt gjort frå Botneskrednibba. Her såg vi fleire folk på tur. Vidare la vi sporet høgt mot Hestefjellesnibba og Karifjellet, der vi passerte begge toppunkta. Her vart vinden meir plagsom, og stoppa vart dertil korte.
Brukbar nedkøyring til Holevatnet sjølv om vinden og mildvêret hadde påverka også her.
Vel nede var det endeleg tid for litt mat og kvile for slitne labbar. Biletet under viser Erlend på siste meterane ned mot Holskaret. Vi starta vidare oppstigning til Gulekoppen herfrå.

Etter 30min kvil tok vi sakte med sikkert fatt på siste motbakken. Det var herleg å endeleg kvittere ut dagens siste varde på toppen av Gulekoppen. Fellane vart tekne av for siste gang, for så å vende skituppane i retning Holsætra. Til tider nydelig køyring før vi kom ned til Panoramaløypa og skøyta siste stykket ned til Stryn skisenter.
Dette er ein fantastisk tur med mange høgdemeter og mykje flott både skikøyring og ryggtraversering. Kan verkeleg anbefalast!!!

Takk til Erlend og Are for flott tur!

Frank-Jakob Sandbakk

tysdag, februar 07, 2012

Måne, pudder, nordlys og utsikt

Flotte nordlys over fjellheimen i Stryn
Ein liten trimmetopptur i lag med Loen på Årheimsfjellet vart full klaff. Strålande måne, lett pudder, strøken utsikt og nordlys av beste sort. Då var det berre å lirke fram kamera og knipse i veg i håp om å treffe eit blinkskot.

onsdag, februar 01, 2012

Sentralrenna på Karifjellet!



Endeleg skulle eg få bli med på Karifjellet ilag med Frank Jakob Sandbakk og Gaute Aabrekk. Dagen starta med sol på toppen av fjellet, og sentralrenna stod der klar til å bli klatra. Vi prata oss på veg oppover mot renna på langrenn før vi trakka oppover på hardpakka snø og tilslutt måtte på med stegjerna. På starten av renna knytte vi oss inn i tau og fann fram isøksene. Franken gjekk først og Gaute og eg tilslutt. Det var første gong eg og Gaute klatra ei slik rute på vinteren så vi var skikkeleg gira når isøksene kom fram. Gjett om det vart ein god dag!Renna var virkeleg flott!

tysdag, januar 31, 2012

Januartur til Skåla



Per Helge (med fast hæl av alle ting........?) på veg opp til Flatebreen
Ein aldeles strålandes dag i fjellet sjølv om føre av type betong ikkje ga den ultimate opplevinga ned igjen. Turen opp gjekk greitt. Litt spinning og kloring vart det i nokon heng, men ikkje sånn at det tok frå deg lysta til å forsette til topps. Ok køyring ned til Skaret. Derifrå og ned var det mykje "skruis" som trimma lårmusklane godt.

fredag, januar 20, 2012

Pudder so långt auge kan sjå!

Utsikt ut fjorden mot Anda

Bergsetnakken med sin 1133 meter over havet er ein liten rakkar av ein topptur. På toppen har ein utsyn over fjellheimen i indre del av Nordfjord. Med utgangspunkt frå fritidssenteret er dette ein lett topptur med heilt ok nedkøyring.

torsdag, januar 05, 2012

Råsa ut i Skredene er trakka

Råsa er klar ut i Skredene. Får håpe at spora snør ned til helga for det ekje mykje snø i høgfjellet
Ein liten snikprøvetur ut på Vestsida ekje feil. 15 - 20 cm med pudder opp på ein såle av betong. Generelt lite snø å sjå i høgfjellet, men veldig flotte forhold. Berre å finne fram skia og trimme av juleflesket.

måndag, desember 12, 2011

Mens vi venter....

Satt og gravde litt ned i Mac`n ... da dukket noen glimt fra parken i Steindalen sist vinter opp... "get stoked":) vi har vel et greit område her....

torsdag, november 24, 2011

Handlekveld på Ytre Eide Sport

Onsdag arrangerte Ytre Eide Sport handlekveld for Svedje og Fjell og andre lag i Stryn. Oppmøtet frå oss var så som så, folk har nok ikkje heilt funnet vinterstemninga enda. 
Nokre tusen blei likevel svidd av og ein del nytt utstyr ligg klart på stovebordet og ventar på snøen...... 


Takk til sporten som tar initiativ til kveldar som dette! Sjølv om det ikkje akkurat gjer hungeren etter snøen mindre....


Holen er øsen og vil ha snø!

  Nedrefloen venta på gode argument for å handle nye ski. Dei kom.... Han beit på....





tysdag, november 22, 2011

Klubbkveld på Ytre-Eide Sport






Ytre-Eide Sport held klubbkveld onsdag 23/11, 18.00-21.00.

Anders Høegh frå Finor/Fischer, Kai Magne Kjersem frå Tendenzer/Völkl og Stryn Vinterski er tilstede. Skisenteret sel sesongkort til rabatterte prisar. Sport1 tilbyr 30% på alt utstyr knytta til dykkar bruksområde. Dette gjeld kun i disse 3 timane, for dei varane dei har i butikken eller på bestilling hos Fischer/Völkl. 

Dette er eit tilbud som gjeld kun for dei som har gyldig bevis som medlemmer i Svedje og Fjell.

Styret vil vere tilstades og det vi vere mogleg å få medlemskorta denne kvelden.

Møt opp, klå på årets ski og gjer deg ferdig med julegavehandelen!

måndag, november 14, 2011

Nordøstflanken Store Dyrhaugstind 2147m.o.h.

Det store snøfallet tidleg i oktober med påfølgande mildvêr, og no høgtrykk med kulde gjev flotte alpine klatreforhold i høgda. Ein gammal klassikar i Hurrungane stod for fall. Nordøstflanken går opp den store isflanken frå Skagastølsbreen og opp til Store Dyrhaugstind. Ruta startar med nokre mixopptak og isklatring for så å krysse dei store isfelta opp til topprenna. Et par artige mixopptak herfrå til topps. Alpin start frå Turtagrø ca halv 7, uttopping i 13-tida.

 Endre på nestsiste standplass. Snart oppe.