måndag, november 14, 2011

Nordøstflanken Store Dyrhaugstind 2147m.o.h.

Det store snøfallet tidleg i oktober med påfølgande mildvêr, og no høgtrykk med kulde gjev flotte alpine klatreforhold i høgda. Ein gammal klassikar i Hurrungane stod for fall. Nordøstflanken går opp den store isflanken frå Skagastølsbreen og opp til Store Dyrhaugstind. Ruta startar med nokre mixopptak og isklatring for så å krysse dei store isfelta opp til topprenna. Et par artige mixopptak herfrå til topps. Alpin start frå Turtagrø ca halv 7, uttopping i 13-tida.

 Endre på nestsiste standplass. Snart oppe.



 Simu-soloklatring på andre isfelt. Endre strekker tau.
 Storen er alltid prakfull, sjølve definisjonen på eit fjell!
 Eit isopptaka tidleg på ruta, fin oppvarming til issesongen.
 Ruta sett frå Skagastølsbreen. Startar på dei lyse granittpartia nede til venstre, kryssar dei to isfelta og toppar ut til venstre for Store Dyrhaugstind oppe på ryggen.
Klar for innsats på Skagastølsbreen.

Frå toppen må ein følge Dyrhaugsryggen ut på trygg grunn. Denne byr på lett men utsatt rangling/klyving ut ryggen. Returen ned til Turtagrø er veeeldig laaaang, men ein del snøfelt gjorde jobben enklare.

Takk til Endre for flott tur.
Måtte vinter- og isforholda snart bli gode!

Frank-Jakob

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar