måndag, mai 02, 2011

Tindefjell via Skåla

Høgtrykket held stadig stand og siste restar av skisesong må difor utnyttast. Underteikna har lenge hatt lyst å gjere "vinterbestigning" av Tindefjell og Per Helge var som vanleg ikkje tung å be. Søndag morgon halv sju la vi veg fra Tjugen. Litt før ti toppa vi på Skåla, her innhenta etterkvart mangelen på søvn oss litt og vi "dubba" litt i tårnet. Ferden gjekk vidare via Stryneskåla med nedkøyring til Tindefjellsbreen. Her vart det drepande varmt, begge vart litt tunge og matpåfyll måtte til for ny krefter. Etterkvart openbara dagens mål seg, og bilete under syner Tindefjellet,også kalla Havaldetredet, sett frå sørvest.



Ruta startar i renna som er delvis skjult nede på breen og opp til skaret. Derfrå vidare opp til snøfeltet synleg i øvre del av veggen. Vi kryssa ut til høgre i underkant av dette, og opp den eksponerte toppryggen til topps.

Per Helge opp introrenna. Perfekte snøforhold, frossen snø, helling opp mot 50grader på slutten.


Dagens første hindring, ein kamin som sperra adkomsten opp mot skaret fra renna. Klatringa her var vrien, kanskje grad 5, og kaminen vart døypt "Portvoktarkaminen".




Rett under skaret er det berømte holet gjennom Tindefjellsryggen. Dette er gigantisk, sikkert 20meter høgt og 7-8meter bredt. Her kjenner ein tydelig det kalde gufset fra nordveggen!



Per Helge på stand i skaret, må vere Stryn sin flottaste standplass, fantastisk utsikt både nord og sørover,med den dramatiske nordveggen rett under beina. Nydelig klatring opp fra skaret.




Siste meterane til topps. Luftig og fint!



Tindefjellet kastar voldsomme skuggar nordover! Magisk!



Bergbesteiger PH på toppen, Skåla kneisar fint i bakgrunnen! Tindefjellsryggen synleg vidare vestover.


PH på rappell ned mot skaret. Vi måtte sette ein del rappellfester, då vi kun hadde ett 50m tau og såleis fekk 25meters rappellar. Festa må gjerne brukast for andre som kjem etter,men slyngene må skiftast.



På ski på veg tilbake att, vi valgte nedkøyring Fosdalen framfor å gå tilbake til Skåla. Storslagent brelandskap! Storskredfjellet til høgre,Skåla til venstre.


Nedkøyring til Fosnes, kyrkja synleg langt der nede. Noko harde snøforhold, men nydelig køyring i mildt sagt enorme omgjevnadar. Nærare alpane kjem ein ikkje!


Turen til Tindefjell er ein lang tur, med over 2000hm anmarsj, og kan difor med fordel delast opp i to dagar med overnatting i Skålatårnet. Tindefjellet er eit av få alpine fjell i regionen som krev klatring til topps ad lettaste veg. Klatringa er stort sett grei, men ein bør ha erfaring i klatring i laust fjell og rigging av rappell. Nabotoppen Yngva Nilsens tind krev også klatring, men her berre nokre få meter som krv sikring.
Turbeskrivelse finn ein også i boka Bergtatt Stryn skreve av Thomas Heisig.


Synes forøvrig at det er rart at det kun er vi som er på tur, iallefall om ein skal dømme utfrå turbloggen. Oppfordrar difor alle som er ute til å legge ut litt bilder og ein liten epistel om turen.


Takk til PH for nok ein kanontur!!


Frank-Jakob

1 kommentar:

  1. For ein tur! Skal ikkje ta å gå na til neste år igjen då?

    SvarSlett