søndag, september 05, 2010

Skåla opp via nordvestegga på Stryneskåla

Med stabilt høgtrykk var det berre å utnytte godveiret på beste måte. Frank-Jakob inviterte til alpin tur opp nordvestegga på Stryneskåla (1848 moh). Turen består av anmars på bratt sva og bre, samt luftig ryggtraversering.

Ruta opp nordvestryggen er her markert med raudt

Søndagsmorgen kl. 09.00 la vi iveg oppover mot Skåla, og tok etter kvart av frå stien med retning innover Fosdalen. Innsteget til ruta krevde at vi gjekk over den bratte hengebreen under Skåla. Det bratte svaet under breen var ok å krysse - lite grus, tørt og god friksjon.

Ca 13.00 starta fjellklatringa med løpande mellomforankring oppover fjellryggen. Siste taulengda er ei av dei brattaste, og standplass vart etablert for å lede denne. Her møtte vi også på nysnø, og nokre fingrar/hender måtte tinast opp igjen etter at toppen vart nådd kl 15.30.

Etter kvart som "neglesprett"-smertene ebba ut, fekk vi tilbake fokuset på den praktfulle utsikta, det flotte veiret og godt selskap, som gjorde dette til ein fantastisk tur, og ein følelse av at livet er herlig....

Vi returnerte via Skåla og Skålastien, og var ved bilen kl 19.00.

Sjå bilete, video og kart frå turen her.

Mvh Per Helge

2 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Takk for fantastisk tur Frank-Jakob! Ser fram til neste tur med bratte glæder...
    Mvh Ph

    SvarSlett