søndag, april 19, 2009

Gjerde-Neslenibba-Flatsteinbu-Kvame




Rune har lenge hatt Neslenibba i tankane, og underteikna lot seg overtale til å gjere eit forsøk på denne karakteristiske fjelltoppen midt i Oldedalen.
Laurdag 18. april kl 07.40 starta vi frå Gjerde og gjekk på fin sti oppover dalføre mot Sundsbreen under Gjerdeaksla. Etter kvart svinga vi over elvane - først på ein hengebru, og oppover Sundsdalen, som går sørover på austsida av Neslenibba. Vi venta oss mykje bukkemark oppover mot snaufjellet, men stien var god og bjørkeskogen glissen. I skoggrensa på 815 m o.h. rasta vi ved ei hytte, og fjelltrimbok nr. 2 på turen kunne signerast.
Etter bratt oppstigning på beina frå skaret under nibba, stod vi i 11-tida på toppen og kunne nyte luftig utsikt over Oldedalen. Stykkje opp Sundsdalen var overraskande fint turterreng!


Vel oppe på breplatået måtte svetten tørkast vekk frå augene så vi såg klart igjen! Steikje varm vart det - reine sommarstemninga på 1650 m høgd! Og langt inne på breen var det folkevandring - med tre på veg til Gjerdeaksla (?) og ei heil busslast med folkehøgskuleelvar på veg til Oldedalen. No var det berre nedoverbakkar igjen - dei 3-4 km til Flatsteinbu gjekk unda på kort tid. Her fekk vi endå meir betaling for sletet; faktisk ei fjelltrimbok her og!
Men det var ikkje så mykje hjelp i for na Rune, som oppdaga at hass følgjesvenn i gjennom oppveksten - den kvite capsen- var blesen bort under råkøyringa nedover breden! So til alle som skulle ferdast i våre fotespor: Sjå godt etter ei kvite lue med brem, Holen hadde sett stor pris på at denne vert funnen. Det er faktisk planar om ettersøkstur komande helg... phuh..
Endeleg skulle vi få litt bratt skikjøring ned mot Kvamssetra, men sigemønster i snøen rista nesten nyrene lause, og Holen måtte holde fast solbrillene so dei ikkje skulle ramle ta. I tillegg var det knallhard skare.... No hadde vi berre fjelltrimboka på sætra å sjå fram til. Nei forreste: Nils Roger nede i dalen hadde sikkert snus og kanskje kaffi ?
Vel nede gjekk draumane i oppfylling og vi kunne sjå tilbake på ein strålande tur som vi gjerne går igjen!

Fleire bilder frå turen kan du sjå her.

2 kommentarer:

  1. Den sårt sakna kvite capsen vart plukka opp ved Tverrelvnibba. Ligg no til tørk på Flatsteinbu.
    Rune R.

    SvarSlett
  2. Det kom som eit sjokk på eigaren av den kvite Flo Aktiv capsen var vekke. Mange forslag korleis den skulle reddast frå evig fortaping i den norske fjellheimen vart lagt fram. Hyre inn Kveen, facebook aksjon, satellitt søk av NASA, etterlysing i Fjordingen, synske og anna trolldom vart lufta då det vart konstantert at capsen var forsvunnen. At den no er komen til rette etter nøysom etterretning og ligg i trygg forvaring på Flatsteinbu gjer den rettmessige eigar umåteleg glad og lukkeleg. Gjenforening skal skje innan kort tid, med påfølgande rapport om korleis noko slik kunne skje. Takk til alle som var med i aksjonen redd den kvite Flo Aktiv capsen til Holen.

    SvarSlett