måndag, mars 17, 2008

Olden rundt 27 - 30 april 2007

Ein supermotivert gjeng på åtte stk gjekk Olden rundt i april 2007. Turen har vore snakka om i ei årrekkje, men det vart som regel berre med praten. Difor var det smått utruleg at vi endeleg hadde somla oss te og planlegge turen og blinke ut ein startdato.

Ein gla turgjeng klare for fleire sprell og opplevingar. F.v Jan Erik Sandbakk, Sverre Sæten, Jan Rune Loen, Jon-Rune Heimlid, Jan Erik Nedre-Flo, Ard Mikal Kleppe, Rune Holen og Ole Runar Aabrekk. (Foto Jan Erik Sandbakk)

Vi hadde tre overnattingar, på Skarsteinfjellet, i Oldeskaret og siste i nærleiken av Gjerdeaksla. Grovt rekna hadde vi ein plass mellom 4000 - 5000 høgdemeter på heile turen. Med tung bør og mykje opp og ned er dette ein tur som ein kjenne på kroppen. Veret på turen var optimalt. Skyfri himmel og ei sol som strålte med oss. Nede i dalane såg vi grauttjukke skodde som gjor oss endå meir gla av og vere på toppane rundt Oldebygda.
Rett over Melkevollsbreen. (Foto Jan Erik Sandbakk)
Siste matpause på Auflemfjellet før vi gjekk ned igjen. (Foto Jan Erik Sandbakk)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar