tysdag, april 08, 2008

Natakupa Ned

Ettersom vår kjære lokalavis ikkje ville skryte av arrangementkomiteen får vi gjere det sjølve på vår eigen blogg. Takk til startarane Sandbakk og Flåten for kvalitativ radioføring og punktlegheit på toppen av Natakupa. Løypemannskapa Turøy, Flo og Fure for tryggleik og falkeblikk langs løypa, og ikkje minst botnteamet Haugen, Holen (3stk), Flo (2stk) Vinsrygg, Haugland og Njøten. Njøten med startnummer 1 for dagen hadde fortent besteprisen for dagens fall. Ein pris som må settast opp neste år!!

Botnteamet klare med mobilteknologisk tidtaking. Haugen investerte for øverig 50 kr i programoppdateringar på mobilen berre for å ha stoppeklokke med mellomtid

Henriette hadde full kontroll i sitt tidtakingsteam

Test av mobil tidtaking. Tore i gult og svart var godt nøgd med investeringane han hadde gjort. Kupp! var den korte kommentaren han ville gi rett før start

Deltakarane samla i mål. Vi må også takke sponsorane som ikkje fekk omtale i lokalavisa. Sport1 hovudpremie Toppcup og G-sport klassevinnarane. Sparebanken Sogn og Fjordane for diverse effekter

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar