måndag, februar 09, 2009

Klatring i sentralrenna i Karifjellet

Vekkerklokka ringde tidleg søndag 01.02.09. Kl 05.00 var det berre å krype ut av senga og gjere seg klar til "alpin start". Are Njøten henta underteikna og Frank-Jakob i sekstida, og klatring i sentralrenna på Karifjellet skulle bli dagens store høgdepunkt.
Etter å ha labba med haudelykt på skaresnøven oppover vegen til Holevatnet, vart skia parkerte i skogagrensa, og med stegjern gjekk vi vidare bratt opp til innsteget til renna. Fantastisk morgenhimmel gjorde dette til ei oppleving alle reide før klatringa starta.
Frank-Jakob leda ann med glidande mellomforankringar i første del av renna. Men i midtpartiet som er bratt, valde F-J å sette standplass for å sikre vidare til venstre for vassiget på
bilde nr. 2.

I midtpartiet var det lite hold i snøen, noko som gjorde klatringa ekstra krevande. Men Franken klora seg opp og både Are og Ph kunne trykt følgje etter.

Nest siste taulengde er relativt bratt, fin klatring i eit smalare parti av renna (sjå bilde over og under). KJEMPE-oppleving!!

Takk til Are og Frank-Jakob for flott tur!

3 kommentarer:

  1. Dokke e sjyre på stå tidlig opp greiene... :)

    SvarSlett
  2. Kjempeflotte bilder og godt godt skreve artikkel. Og Bjørn-Inge, vi har MASTER i å stå opp tidleg!

    Frank-Jakob

    SvarSlett
  3. Det er bra de rutinerte gutta drar med Team øst på skikkelig fjelltur...

    Are

    SvarSlett