laurdag, februar 07, 2009

Rindalshyrna 1677m.o.h. 07.02.09

Vi var tidleg på idag, Are Njøten, Bjørn Inge og eg. Oppmøte snuplassen på Flo 06.20. Herfrå gjekk det rekordfort opp til Flofjellet. Dette skuldast ikkje særskild god form,men Bjørn Inge seier i ein kommentar: "ATV er kjekt.... " Frå skihytta gjekk det jamt og trutt i stummande mørke med hodelykt. Noko hardt underlag med 5cm nysnø skapte litt problem, og skia måtte på ryggen ved enkelte høve. Ovanfor vatnet fekk hunden til Are, Mira, problem med labbane. Rikelig med blodspor, og meir menneskelig aktivitetsnivå vitna om det. Are måtte difor ta den tunge vegen ned med uforretta sak, Mira kunne trøste seg med å ha sprunge en avstand tilsvarande Flo-Rindalshyrna ca 3 gongar. Bjørn-Inge og underteikna fortsatte vidare og angra ikkje på det. Toppryggen er alpin og kjempeflott, og utsikten frå toppen står ikkje tilbake for noko. Strynedalen er sjeldant flott herfrå.

På veg nedatt frå toppen


Toppryggen er flott! Ikkje spesielt krevande, men stegjern og isøks kan vere greit midtvinters.
Underteikna på toppen, men Strynedalen under hælen..


Bjørn-Inge på toppen, drar truleg iland et salg eller kjøp av anten ski, bil, ATV eller gravemaskin

Bjørn-Inge på opp toppeggen. Han debuterte med stegjern idag, og ville gjort Reinhold Messner til statist..





Et av opptaka undervegs. Morosam klyving!





Bjørn-Inge i starten, rett over skaret.






Snart oppe i skaret, toppeggen rett imot på høgresida av fjellet. Kaldt!




Takk for ein flott tur Bjørn-Inge og Are.
Mvh
Frank-Jakob
I.o.m. at det har vore lagt ut generelt lite film frå skikøyring, gjer vi denne gangen et lite forsøk.. Ikkje akkurat "Free radicals", men men, kjekt var det!







2 kommentarer:

  1. Detta såg jaggu flott og kaldt ut. Fekk dokke studert tunnelen i fjellet? Vi må organisere ein ekspedisjon opp dit ein dag....

    SvarSlett
  2. Var kaldt ja, men lyset ifjellet er jo fantastisk på denne tida. Såg etter tunnelen,men fann den ikkje. Ligg i flg B-I i nordryggen, og er vel såleis et sommarprosjekt.

    Frank-Jakob

    SvarSlett