laurdag, april 25, 2009

Glede og skuffelse på Storskredfjellet

I siste liten fekk eg stoppa Frank-Jakob som var på veg oppover skogsvegen frå Strynevatn camping. Via mobilen avtalte eg å bli med på Storskredfjellet. Sekken min var pakka for tur, og eg heiv meg rundt, og pressa dieselkjerra til det ytterste oppover bygda for å nå igjen strikjen.

Etter kvart kjørde vi i lag til toppen av skogsvegen. Her følgde vi ei godt merke rås opp til ei einsleg hytte, der det var så pass med snø at vi kunne spenne på skia og luffe vidare mot snaufjellet.

Storskredfjellet og Skåla sett frå Hjelledalen

Frå hytta løner det seg å holde litt oppover mot høgre og etterkvart krysse 2-3 raviner for å finne beste vegvalet. Over bjørkeskogen var det skare vidare heit til toppen. Fint veir - men litt vind som hindra altfor mykje svetterenning i augene.

Frank-Jakob i den bratte kneika mot toppen.

Like under toppen parkerte vi skia, og tok fatt på den siste bratta mot målet ( Her kan det vere ein ekstra sikkerheit å ha isøks, noko vi ikkje hadde...).

For eit skue ein har frå denne toppen; Rypedalsegga i vest med den mekige breen på nordsida, Skåla like i sør, Lodalskåpa i sør-aust og Strynedalen svimlande 1800 meter under oss.

Men - det var med skuffelse vi innsåg at klokka var berre 12.30, og nasene måtte vendast nedoverbakkar mot bygda igjen. Med det gnistrande skareføre var vi nede ved bilen etter omlag ein halv time.

Dette er eit flott turmål som kan anbefalast for dei som likar lange motbakkar sommar som vinter. Ein fin variant om sommaren er å gå frå Åning. Då går ein opp under Breifonn og vidare opp ein bratt (men ikkje krevjande) fjellrygg som endar oppe på den breide formasjonen som fører mot toppen.

Atter ein gong: Takk for flott oppleving Frank-Jakob!

Sjå bilder frå turen her.

1 kommentar:

  1. Gratulere med Svedje og Fjell`s beste artikkel nokon sinne. Denne turen må vere ein av dei flottaste som finst her inn i indre delen av Nordfjord? Den turen fekk eg uhorveleg lyst å gå. Fantastiske bilde!

    SvarSlett