torsdag, juli 02, 2009

Hogrenning-Skåla

Rune tok initiativet til utforsking av ruta frå Hogrenning til Skåla, og underteikna og Kåre var ikkje tungbedde når forslaget kom opp.

Tindefjell og Hogrenningsbotnen


Torsdag 2. juli i halv sju-tida la vi i veg på traktorvegen oppover til Hogrenningsætra. Her kom vi til open bjørkeskog og flotte støylshus. Vi følgje taktorvegen vidare omlag ein kilometer innover dalen. Dette skulle syne seg å vere ein tabbe - for omlag hundre meter ovanfor sætra såg vi ein sti gå til venstre for vegen.


Etter mykje krabbing under bjørkeskogen vidare oppover dalen, kom vi etter kvart inn på stien som tidlegare omtala. Denne følgde vi vidare til elva som kjem ned frå Austerdalen. Elva var flomstor, men nokre 2x8" plankar som låg der vart lagt over elva slik at vi kunne kome oss vidare oppover mot Hellsetebotnen.

Kart over ruta frå Hogrenning til Skåla
(sjå lysbildeshow under for betre oppløysing)


På andre sida såg vi tre hjortar kome nedover dalen - og vi stoppa fleire gongar for å nyte dette flotte synet.

Elva som kjem ned frå Hogrenningsbotnen var også flomstor, og vi måtte vade i utløpet av vatnet for å kome over. Her i frå gjekk turen vidare nordvestover til vatn 1208 i Hellsetebotnen. Ei snøbru rett nedanfor utløpsosen vart redninga, slik at vi kunne fortsette vidare langs vestsida av vatnet mot Skålabreen. Nedre del av breen vart forsert utan tau, medan tau vart nytta siste delen oppover mot Stryneskåla. So langt hadde vi brukt omlag 7 timar i moderat tempo og lange pausar i det flotte veiret.

Etter kvart nådde vi målet - på Skåla inntok vi eit betre måltid i 17 graders varme og nesten vindstille. Utsikta var noko redusert pga. dis, men elles var det lite å klage på.

Turen ned igjen gjekk på stien til Tjugen. Her var det bra med snø ned til Skålavatnet, so returen gjekk raskt.

Oppsummering:
Dette er ein tur i fantastisk terreng, med flott utsikt innover Hogrenningsbotnen og Tindefjell. Terrenget er variert, og ein kan avslutte mot toppen av Skåla utan å gå på bre eller krysse breen slik vi gjorde. Brekryssing kan tilrådast, då denne ikkje er så bratt som alternativet vil vere. I tillegg setter dette ein ekstra dimensjon på turopplevinga. Størst problemet på denne turen er kryssinga av elvane. Vi håper at ei bru over elva frå Austerdalen kjem på plass i nær framtid. Eit dugnadsarbeid frå Svedje og Fjell-gjengen skal ikkje vere vankeleg å få til...Turen kan i høgste grad anbefalast til røynde fjellfolk, og kan vere eit interessant prosjekt på ski i mai!

Takk til Rune og Kåre for flotte opplevingar og godt turfølgje!

Nokre bilete frå turen kan sjåast her!

1 kommentar:

  1. Takk for fantastisk tur Per Helge og Kåre. Eg ha lagt inn litt fleire bilde og sjekka ut den rosa blomen. Sjå bilde for yttlegare informasjon.

    Elles støttar eg Sandbakken si oppfordring om meir turblogging også om sommaren.

    SvarSlett