søndag, oktober 18, 2009

Rekordtidleg støvtørk av ski!

Etter at Per Helge kunne rapportere om brukbare skiforhold tidlegare i veka, har det klødd i beina etter å få testa skia! Late som ungdommen er, ville vi ha kortast mogleg anmarsj før ski vart tatt på, og valget fall då naturleg på Grasdalen. Her tek ein på ski med opa bildør, og ein er klare til avmarsj! Vi var tidleg avgarde i grålysninga, og tusla lett innover i Grasdalen. Ein liten,fast såle med fem cm styresnø gjorde sitt til at føret bar godt. Rutevalget er stort sett enkelt og gjev seg sjølv, men iår var det uvanleg mykje sprekker på breen heilt oppe,og vi måtte velge ein variant noko lenger mot nordaust for å komme opp. Frå toppen kunne vi nyte utsikten, og etter litt krangling om kvar Rindalshyrna ligg, vart skituppane retta nedover. Skikøyringa var til tider veldig fin, og ingen trengde fylle ut skademelding for verken kropp eller ski i bilen. Alle viste lovande takter idag,så dette lovar bra for vinteren!! I.o.m at utgangspunktet for turen, Grasdalen ligg så høgt som på ca 980meter, er Sætreskarsfjellet ein flott tur både tidleg og seint på sesongen. Under stabile forhold på våren,kan ein endatil køyre fronten nedatt til vegen, og denne byr særs flott og bratt køyring. Tilhøva må vurderast nøye!

Svidal og Sandbakk på toppen, flott utsyn!




Gutta i fint driv nedatt, underteikna for ein gongs skuld på telemarksski.





Biffen igang med avansert breforsering. Ein skimtar delar av toppen i venstre bildekant.



Svidal gnir søvnen ut av augene ein tidleg morgon i Grasdalen!
Takk for flott tur!
Frank-Jakob






1 kommentar: