tysdag, august 10, 2010

Klivetur til Hoven


Av ymse grunnar har det ikkje vore aktivitet på bloggen ei stund. Håpar at dei som har vore på tur i sommar tek seg tid til å legge inn litt på bloggen framover. Siste sprell frå underteikna og mister Bø var ein ekspedisjon opp ryggen bak Hotel Alexandra til Hoven

Trykk på oveskrifta så kjem heile artikkelen fram


Starten på turen er i munninga av gjølet rett bak hotellet, opp ein rygg som går heilt til toppen. Sjølve gjølet har fleire ryggar oppover. I gjølet har folk stått på ski ned og kleve opp fossen som ligg midt i gjølet.

 

I byrjinga er det lett friklatring opp nokon avsatsar før ein må over på klatring. Bø`en er ein røvar å finne plassar å ta seg opp.


Utsikt eit stykke opp i fjellet er meget bra. Her ser ein Olden for dei som ikkje er så kjende i området. Sjølve fjellklatringa var ei god blanding av torvbiting, vombeklatring, psykosikring og mykje spekulering.


Toppen i sikte ca. halvvegs opp i fjellet. Litt meir spekulering i fjellet har så kan dette bli ein flott tur når ein lære seg kor ein skal ta vegen. Klatringa ligge frå to til fire. 


Ein godt nøgde Bø stille villig opp for fotografen. Flott turklatring med ei enorm utsikt er ei kort oppsummering av turen. Retur via Oppheimsætra og Rakssætra.

Ha ein strålande dag!

Mvh Rune Holen og Per Helge Bø

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar