måndag, april 25, 2011

Glimt frå påska 2011

Etter ein vêrmessig begredelig mars og april med mykje nedbør og vind, kunne yr.no endeleg melde om høgtrykksaktivitet og "drømmepåske". Langfredag fall valget på Randers topp og Bladet på Sunnmøre. Dette er rekna for å vere ein av dei flottaste tare-til-tind turane på møre. Starten gjekk frå Årsneset og opp inste Årsnesdalen. Turen er bratt med snitthelling på 25gr i mildt sagt fantastiske omgjevnadar. Turen gjekk først til Bladet, ei lokal kjendisnål i Molladalen og deretter vidare til Randers topp.

Bildet under syner underteikna på Randers topp med Ålesund i bakgrunnen.



Hans Petter og Ulrik i fint driv. Randers topp er pyramiden til høgre i biletet, Mohns topp i midten. Bladet ligg mellom desse.





Underteikna på Bladet. Artig og luftig 15m klatring grad 3 opp på sørsida/høgresida. Krev lett sikringsutstyr og tau.


Siste stykket opp til Bladet. Toppbakken på Randers i bakgrunnen.



Utsikt frå Randers. Fantastisk nedkøyring!!



Første påskedag var det lokale toppar som stod på agendaen, og valet fall på Storskredfjellet. Denne turen er beskreve her før,men tek likevel med nokre bilder. Turen havnar kanskje litt ufortent i skuggen av storebror Skåla, men kan måle seg med denne både mtp høgde(1814moh), lengde og alpint terreng! Starten går fra Strynsvatn camping og vidare lett opp skogsvegen, før denne går over i merka sti opp til sætra. Her tek ein på ski og tek seg opp i Rjupedalen. Rutebeskrivinga herfra er grei, følg ryggen til topps!

Utsyn fra toppen nordover mot Flofjella og Strynsvatnet. Skispora og skia våre synleg under toppen. Siste 50 meter er alpin snøbakke, og isøks kan vere greit å ha, spesielt ved hard snø.


Svidalen på toppen, utsikt austover. Enorme toppskavlar iår!



Den alpine toppeggen set ein liten spiss på turen!



Mot toppen. Lettgått terreng med fantastiske omgjevnadar!

Svidalen kosar seg på tur. Utsikt vestover mot Dispahyrna og Rjupedalsegga. Flott skiterreng!



Frank-Jakob

1 kommentar:

  1. Flotte bilde må eg seie. Litt tunget etter ei påske med berre husbygging. La inn eit hoppskift slik at artikkelen vart delt opp. Håpa det ikkje gjer noko

    SvarSlett