tysdag, juli 05, 2011

Alpin extravagansa på Lodalskåpa

Lodalskåpa er eit fjell som skulle vere kjent for dei fleste lokale fjellfantar. Dette er ein flott bre- og topptur som stort sett kan gjennomførast heile vår og sommar. Ein bør samtundes ha lokalkjend guide, og tau bør benyttast på brepassasjane. Allereie no har ein del sprekker opna seg.
Kvar gang eg har passert under kåpa har auga med lengsel kikka opp mot sørvesteggen som lokkar med med sine luftige passasjar. Eg kjenner til fleire som har klatra denne før, og idag var det altså vår tur, Endre Vonheim og Kjetil Svarstad var ikkje tunge å be når Yr.no vartar opp med finevêr. Vanlig tur opp til Veslekåpa, herfrå er rutebeskrivinga for vår tur enkel. Følg egga rett imot som vist på biletet ovanfor, med ein liten avstikkar inn i sørveggen der sjølve eggen vert overhengande. Flott, luftig og alpin klatring i storslåtte omgjevnadar. Tre taulengder hhv grad 3, 4 og 2/3. Retur via normalvegen, turen kan verkeleg anbefalast!!
Endre i starten av 2.lengda, Nydelig,bratt og luftig klatring. Her gjer ein ein liten avstikker inn i sørveggen for å gå klar dei store overhenga som sperrar sjølve eggen.
Endre ledar 2.lengda.
Kjetil følger på. Han var høflig og tok av hjelmen for fotografen.
Endre og Kjetil på siste standplass. Flott rangling oppover toppeggen.
Frank-Jakob på andre lengda. Småttene kilar under beina.
Siste meterane opp toppeggen, lett klatring!
Takk til Endre og Kjetil for nok en fantastisk tur. Håpar fleire nyttar finevêret!
Frank-Jakob

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar