onsdag, februar 01, 2012

Sentralrenna på Karifjellet!



Endeleg skulle eg få bli med på Karifjellet ilag med Frank Jakob Sandbakk og Gaute Aabrekk. Dagen starta med sol på toppen av fjellet, og sentralrenna stod der klar til å bli klatra. Vi prata oss på veg oppover mot renna på langrenn før vi trakka oppover på hardpakka snø og tilslutt måtte på med stegjerna. På starten av renna knytte vi oss inn i tau og fann fram isøksene. Franken gjekk først og Gaute og eg tilslutt. Det var første gong eg og Gaute klatra ei slik rute på vinteren så vi var skikkeleg gira når isøksene kom fram. Gjett om det vart ein god dag!Renna var virkeleg flott!
Skikkeleg gira på første standplass..
Franken går føre og ordnar standplass.
Franken opp islengda-det var seriøst kult!

Gaute i full fart oppover!

Litt av ein dag i fjella i Stryn!

1 kommentar:

  1. Kanon Lise. Flott med fleire som legge ut turar. Forsette med det:-)

    Eg har tatt meg den friheit og redigert litt på oppsettet ditt slik at den ikkje tek heile sida. Eit par tips her:
    - utvid grensesnittet slik at du får tilgang til fleire funksjonar. Står opp i til høgre trur eg
    - Bruk knappen som heite "hoppskift" då blir resten av artikkelen under "hoppskiftet" skjult. Les meir knappen kjem då automatisk
    - trykk på bilde når du har lasta det inn. Då kjem der opp nokon bildefunksjonar som er kjekke å bruke

    SvarSlett