søndag, mars 04, 2012

"Haute Route" Stryn

Ein tur vi lenge har snakka om skulle lørdag endeleg verte ein realitet. Etter noko tids dårleg vêr varta endeleg yr.no opp med påskevêr, og Erlend Folstad, Are Njøten og underteikna starta tidleg morgonen på det som egentlig blir Stryn skisenter rundt. Erlend har tidlegare gått Haute Route i alpane frå Zermatt til Chamonix. Turen vår var og ein slags "Høg rute", og vi alle samde om at forslaget til Erlend høyrtes tøffare ut.

Turen gjekk først til Gryta, som eigentleg berre er ein kjapp avstikker på veg mot Kyrkjenibba. Mykje krevande føre med sintra glasskare, men opp kom ein. Vidare til topps på Kyrkjenibba, denne byr på særs flott utsikt. Herfrå til Botnskrednibba. Vi hadde egentlig tenkt å gå austryggen, men grunna is og skare,samt mangel på stegjern vart denne droppa. Vi gjekk heller opp i søkket mellom denne og Natakupa, entra elegant toppryggen og tok her frå ut på toppen. Flott alpin toppegg, biletet over syner Erlend på dei siste meterane til topps.
 På toppen av Botnskrednibba, nordveggen på Natakupa i bakgrunnen. Enorme skavlar iår. om ein ser godt etter ser ein også siløparar på veg opp til kupa.
Erlend på veg tilbake frå toppen av Botneskrednibba.
Ferden vidare gjekk til Natakupa, dette er kjapt gjort frå Botneskrednibba. Her såg vi fleire folk på tur. Vidare la vi sporet høgt mot Hestefjellesnibba og Karifjellet, der vi passerte begge toppunkta. Her vart vinden meir plagsom, og stoppa vart dertil korte.
Brukbar nedkøyring til Holevatnet sjølv om vinden og mildvêret hadde påverka også her.
Vel nede var det endeleg tid for litt mat og kvile for slitne labbar. Biletet under viser Erlend på siste meterane ned mot Holskaret. Vi starta vidare oppstigning til Gulekoppen herfrå.

Etter 30min kvil tok vi sakte med sikkert fatt på siste motbakken. Det var herleg å endeleg kvittere ut dagens siste varde på toppen av Gulekoppen. Fellane vart tekne av for siste gang, for så å vende skituppane i retning Holsætra. Til tider nydelig køyring før vi kom ned til Panoramaløypa og skøyta siste stykket ned til Stryn skisenter.
Dette er ein fantastisk tur med mange høgdemeter og mykje flott både skikøyring og ryggtraversering. Kan verkeleg anbefalast!!!

Takk til Erlend og Are for flott tur!

Frank-Jakob Sandbakk

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar