søndag, mai 04, 2008

Svedje og Fjell har lagt Lodalskåpa under sine føtter

Seks medlemmer av Svedje og Fjell ofra morgonsøvnen søndag for å få optimale toppturforhold til Lodalskåpa. 06:00 var alle på plass og klare ved vegenden på Bødalssætra. JA nesten alle var klar, Nedrefloen hadde i løpet av natta eit brutalt møte med dei innfødde som sette han noko ut av spel. Til topps i dag var Ard Kleppe, Arne Skrivarvik, Jan Erik Nedre-Flo, Martin Flo, Erik Flåten og underteikna.



Veret var litt vekslande. Sol tidleg, så litt overskya, men vi fekk igjen sola når vi kom på toppen. Ultrabra forhold å gå opp. Skareføre som fellane beit godt i.



Ard på veg opp "Hånkja". Lett kliving i snø med strålandes utsikt.



Flåten og Skriverviken på ved ned frå kåpa. Null problem på turen og heilt ok skiforhold ned igjen. Fleire bilder på albumet!

Dagens Oddvar Auflem:

"sjå her du! Dæææveren for nokon tennje"

1 kommentar:

  1. Mette i Norgesguidene5. desember 2008 kl. 13:41

    Veldig flott blogg! Får lyst til å dra på tur, og det er vel hensikten :)

    SvarSlett