søndag, mai 25, 2008

1000 bratte høgdemeter på ski i Stardalen









Nydeleg bratt skikjøring frå Bings gryte (som ligg bak Litlenuken til høgre i bildet)




Fredag kveld gjekk turen til Stardalen i Jølster. Sverre Sæten hadde planer om å gå ein "ny" trase frå Fonn til Bings gryte.










Kart over ruta. Traseen er merka med rosa linje.


Laurdag føremiddag var vi i gang, og etter 300 høgdemeter kunne vi spenne på oss skia og gå opp den bratte snø- og bredekte dalen mellom Storenuken og Litlenuken. Store delar av turen var rundt 25-grader bratt, og nedfarten var ein nytelse.










Mot toppen av breen. I bakgrunnen ser vi fjellryggen mellom Litlenuken og Bings gryte.











Sverre i fint drev.

4 timar opp og minutter ned att...

Dagen vart avslutta med eit varmt utandørs boblebad (39-grader) og godt drikke. Ei fantastisk avrunding på ein strålande dag!

Takk for turen Sverre og oppholdet Oddlin!

Mvh. Per Helge

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar