søndag, september 21, 2008

"Nebbet", ny rute Natakupa nordvegg.

Nebbet oppe til venstre,blir omgått på v.s.
Teksten på hjelmen talar vel for seg sjølv..:)
Oversiktbilde av veggen. Legge merke til den gjennomgåande kaminen. Nebbet øverst i midten, litt til høgre for kaminen.

Einar ledar tredje lengde, nydelig 4+ klatring."Nebbet" tårnar seg over han, rampe såvidt synleg på venstre sida av henget. Einar på stand, kosar seg.

Einar følger siste lengda, akkurat runda nebbet, lettare terreng mot toppen. Mot toppen.

Aktiviteten i Natakupa nordvegg er fortsatt høg, til tross for at hausten er i ferd med å feste grepet. Idag var Einar Løken og eg på nytt raid i veggen. Einar er opprinneleg Stryning, men til dagleg i Sogndal, og ofte å sjå i klatrefelta kring Sogndal og i Hurrungane. Etter å ha sett bilder frå veggen på nett, fatta også han interesse. Vi la difor i veg 07.30,og fant oss sjølv på toppen rundt ni. Her blåste det surt og kaldt frå sørvest. Vi gjorde oss difor raskt klare og rigga rappellfeste. Overraskinga var stor då vi oppdaga at i veggen var det varmt og vindstille(veggen er nordøstvendt og tar en del sol tidleg morgon og formiddag) Vi gjekk først dei 2 første lengdene på den tidlegare klatra nordveggruta, og som tidlegare nemnt er den første spesielt fin. Einar leda så ny tredjelengde, denne følger opplagde diederformasjonar opp til stor hylle under "Nebbet", det markante overhenget i toppveggen. Flott klatring, noko tynt sikra i byrjinga, grad 4+. Siste lengde gjekk til meg, og denne går først opp og ei aning mot venstre,deretter opp mot og gjennom svakheten i "Nebbet", ei lita rampe som går på tvers gjennom henget på venstre sida. Denne rampa er lett å få auge på nedanfrå, og det er denne ein tek sikte på frå standplass. Lengda er noko seriøs, den held jamn grad 5+, noko tynt sikra på cruxet. Klatringa går i stort sett fast og fint fjell, noko meir laust siste ti meter mot toppen når fjellet legg seg litt. Vel oppe kunne vi konstatere at timingen var bra, mørke og tunge skyar var på veg inn frå vest.
Ruta er verkeleg flott, og har klart klassikerpotensiale, anbefalast! Vart diverre lite bilder då vi kun hadde telefon med. Topo kjem seinare på www.klatre.com.

210908: Natakupa nordvegg, "Nebbet"
185m, 4 taul. 5+
Einar Løken
Frank-Jakob Sandbakk

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar