måndag, september 08, 2008

Natakupa Nordvegg 7.sept. 2008





Idèen om å klatre Natakupa vart født på hausten ifjor, men prosjektet vart aldri realisert då vinteren kom så altfor tidleg. Tidlegare i haust fekk Svidal og Sandbakk inspisert øverste del av veggen på rappel, og konklusjonen var at her var det potensial for flott klatring i storslåtte omgjevnadar. Vêrmeldingane var gode for helga, og en kamerat av meg, Odd Tokle Sæbø frå romsdal, var gira på å vere med etter å ha sett bilder av veggen. Vi la difor iveg opp i Steindalen og etablerte teltleir her på laurdag kveld, medan Johan Olai Svidal kom susande opp søndag morgon. Vêret var varmt og fint, alt låg til rette for en flott dag i veggen. Vel oppe på toppen av kupa, bestemte vi oss for å rappelere ned, botnen av veggen vart nådd på 3 fulle 50meters rappellar.
Første taulengda vart leda av Odd og gjekk i bombefaste,kompakte diederformasjonar, og dette viste seg seinare å bli cruxlengda, grad 5. Neste taulengde leda Frank-Jakob, og denne gjekk i lettare terreng vidare oppover langs et flott drag mot høgre, deretter gjennom bratt eksponert opptak på grad 4, før lettare terreng tok en opp til nydelig stand på stor hylle. Taulengda er godt sikra, og dette medførte at nasa til Svidalen fekk et noko ublidt møte med nøttepirken:)
Odd leda så 3.taulengda, bratt og flott klatring ca grad 3 opp til topphammaren. Topplengda hadde eg reservert tidleg på turen, og denne går opp nydelig vertikalt og eksponert terreng mot toppen. Klatringa held grad 4+, noko langt mellom sikringane på cruxet, men stort sett gode tak. Etter å ha klatra i skuggen siste timen, var det difor herleg å nyte solskinnnet på toppen. Vi rydda noko laus stein på veg opp og ned, og det må i den samanheng nemnast at Odd hadde "mord i blikket" opp til fleire gongar.
Vi kjem seinare til å installere fast rappelrute ned, men det fullt mogleg å gå ned til breen lenger vest. Veggen har stort potensiale for nye ruter, spesielt aust for vår linje kan det gå fleire ruter, men her kjem ein fort opp på 6-ar talet ser det ut til.
Vi kjem garantert tilbake!

Fleire bilder frå turen i galleriet.

07.09.08: Natakupa nordvegg
185m, 4 taul. grad 5
Odd Tokle Sæbø
Johan Olai Svidal
Frank-Jakob Sandbakk

1 kommentar:

  1. Dokke e`fæle å klive for tida! Godt dokke helde opp aktiviteten på sida vår. Keep it coming. Svidal må sende meg ei e - postadresse så eg får registrert na som medlem på Svedje og Fjell

    SvarSlett