måndag, desember 29, 2008

Botneskrednibba jula 2008



Siste dagane har det vore trygge forhold til bratt skikjøring. I går var Rune og underteikna på Botneskrednibba. Vi fekk oppleve sjeldan bratt skikjøring til å vere på desse kantar så tidleg i sesongen. Vi skleid inn i sydhenget ca 40 meter under toppen og fekk 360 ekstatiske høgdemeter mot pkt 880 (sjå bildetet).

NB! Botneskrednibba kan vere skummel ved lagdeling i snøpakken! Velg rette dagen, og du får ei oppleving du kan leve lenge på ( i alle fall fram til komande helg?)

Returen gjekk oppå Småeggjenene (200 meter stigning), der vi fekk nye 740 høgdemeter ned til Stryn skisenter.

Dette vart ein fantastisk tur som vart repetert idag, men med dårlegare lysforhold og meir sintring av snødekket. Men - alle var godt nøgde med mange raske høgdemeter.

Eg må få nemne at Natakupa mot Kyrkeeidsdalen til pkt 880 også er eit flott renn. Snittgradienten er i flg mine reknestykke på 22˚ fordelt på 1390 skrånande meter. Denne traseen kan kjørast heile vinteren (og er markert med orange farge på biletet).

Returen opp på Småeggjene kan nyttast ved stabile forhold. Likeså trasevalet som er skissert på biletet (med 740 høgdemeter til skisenteret. NB! Her går det naturutløyste skred når forholda ligg til rette for det...) Eit sikrare alternativ er å gå frå pkt 880 og over Bubergskaret.

God tur!

Mvh Per Helge

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar