fredag, januar 09, 2009

One man down!

Mr. Turøy hadde eit heller ublidt møte med ein stubbe i skogen denne veka. Resultat broten fot. Årsaka til ulukka i frå sikre kjelder var for dårleg lys til å drive med uvyrd-slalåmi i skogen midt på svartaste natta.  Spørsmål ein kan stille seg no  e`ken som tilfeldigvis gløymde å hogge ned det treet på den store skogdagen tidlegare i vinter????

Ein storstilt redningsaksjon vart iverksett i dei djupe Stryneskogane og Turøyen kom seg omsider til Nordfjordeid for behandling. Etter eit lengre opphald på Eid er han no sendt til Førde. Godt vi har eit velfungerande helsevesen...... Det må i denne samanheng kunne seiast at Turøyen ikkje er ukjend med pulkkøyring i ulendt skogterreng. Ved ulike høve har han nytta denne noko spesielle transportmetoden. 

På telefon til Svedje og Fjell seie han at det er godt at påska er seine og at han er ved godt mot. Viss noko vil låne eit par Kuro er det berre å ta kontakt.

Vi i Svedje og Fjell ynskjer Turøyen god betring og håpar alt blir bra igjen. Reknar med at du uansett stiller sterkt på Afterski ut over vinteren.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar