måndag, desember 08, 2008

På tide å skrape soppveksten av fellene!

Etter intensiv jakt etter fellene inst inn i ei kaotisk bod var det tid for å logge fyrste toppturen for sesongen. Soppfloraen på fellene og den 7 mnd gamle nista var ein hobbybotanikar verdig.
Med strålande sol og overtru på godt føre labba ein i veg til Natakupa. På veg opp kunne ein konstantere at oppovermusklane trenge trimming for å kome tilbake i fjorårsform. 
 
Småeggene i vinterdrakt. Ikkje mykje snø endå, med det kjem vel etter kvart......

Nordsida på Botnaskrednibba ned til inste Honndalen. Droppe inn i sida på bandet mellom Natakupa og Botnaskrednibba er noko vi kan forske litt på ut over seinvinteren......

Per Helge tek ein pust i bakken før vi sklir ned igjen på austsida kor vi fann litt god snø.  




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar