søndag, desember 28, 2008

Skåla 28.12.08






























Romjula byr som vanleg på mykje god mat og stillesittande aktivitetar, så Odd-Rune Flo, Ulrik Sandbakk og eg fann ut av no var det på tide med litt trim. Vêrmeldingane meldte kaldt,klart og vindstille vêr for søndagen. Litt tunge og ikkje skikkelig vakne endå starta vi frå Tjugen i åtte-tida. Lite snø før grinda, her tok vi på skia. Lett fint skareføre til litt over sjingla, herfrå og opp lett,tørr pudder, men noko avblåst på toppen. Lunsj ved vatnet vart ein kald affære, så det var godt å komme igang igjen. Rett over skaret kom vi endelig opp i sola, og livet var igjen herleg! Herfrå gjekk det sakte men sikkert til topps, beina var tunge i dei seige høgdemeterane. Vel oppe kunne vi knapt registrere eit vindpust, og vi var på toppen i nærare halvtimen, utrulege forhold i desember. Det vart tidleg bestemt at vi skulle køyre fronten nedatt til vatnet. Dette skulle vi ikkje angre på,- nærare tusen høgdemeter med pudder av beste sort, og eine sugande svingen eter den andre vart satt på vegen ned. Floen hadde til og med krefter til overs til nokre frekke hopp. Stemninga var nærast ekstatisk nede ved sjingla! Her venta noko meir krevande køyring på varierande føre ned til grinda, nedanfor dette var det igjen ski på sekk og lett gange ned til bilen. Sjeldan er vel det klassiske ordspråket "alle var enige om at det hadde vore ein fin tur" meir passande!

Takk for turen Odd-Rune og Ulrik

Frank-Jakob Sandbakk

1 kommentar:

  1. Supergood! Det e` knall å få inn ein rapport frå Skåla så pass tidleg i sesongen. Godt jobba!

    SvarSlett