søndag, februar 01, 2009

Grauttjukk havskodde

Havtåke er såkalt adveksjonståke, normalt oppstår denne der varm luft straumer ut over kaldt hav. Men idag fekk dei som var høgt til fjells oppleve spesielt kraftig tåkedanning, som på Karifjellet og Natakupa var synleg frå yst i Sunnfjord, heile Nordfjord og Hjørundfjorden til Ålesund.

Skodda kom sigande innover Tverrfjellet i 9-10-tida, og vart tjukkare og tjukkare. Ut på dagen låg den som eit kompakt teppe mellom 400-800 m o.h. På dei 30 åra eg har gått i fjellet, har eg ikkje opplevd makan. Normalt ligg skodda mykje lavare, då helst på seinhausten her inne i fjorden.

I dag var det mest sansynleg fuktig luft som kom inn frå havet, som vart liggande oppå kaldare luft. Den fuktige lufta vart avkjølt og kondenserte. Litt av eit skue!






1 kommentar:

  1. Fett å sete under skodda og hyke seg i hop som ei hyene og...............

    SvarSlett