laurdag, januar 31, 2009

Skåla, hockyforhold med snev av laussnø

Det vakje den store nedkøyringa frå Skåla i dag, men øverste lehenget ned mot Skålavatnet va faktiske rett så hyggeleg å køyre ned. Resten var ei reise i vaskebrett og god tradisjonell skare. Turforholda i dag er det som får toppkarakter. Sol frå skyfri himmel og nydeleg vintervèr.
Klokka va 07:15 når vi labba i veg frå pumpehuset ved Tjugen. Med haudelykte og friskt tempo var ein raskt ved Sjingla. Ettersom det var hardt som f.. vart skia verande på sekken. I jakta på laussnø vart rutevalet rett opp framsida på Skåla. Etter ei stund fann ein etter kvart både laussnø og kjentfolk. Kjell E. Solheim kom klyvande i sjumilssteg på truge opp på venstreflanken vår. Fæling, ruskjen form på fyren. Rett før toppen kom også Leif Otto Oppheim ELEGANT att i.

Jan Rune tykte det va kjekt i dag. God trimtur så ein får vekk fettet rundt anklane. Vi fekk jaggu kjenne korleis det er å bære tungt skiutstyr opp norges sin argaste motbakke.


Skåla e`ein bautastein i den norske fjellheimen. Motbakken, utsikta, tårnet og nedkøyringa finn ein ikkje makan til andre stadar.

2 kommentarer:

  1. I kjølvatnet av denne artikkelen har det "ute på bygda" kjeme reaksjonar på redaksjonen/ artikkel forfattar sin etiske attitud. Spesielt siste setning i andre avsnitt falt på steingrunn, kan en sei, hjå enkelte av våre faste leserar. Å benytte seg av ein slik terminologi som, eg siterer: "Rett før toppen kom også xxxxxxxxxx slontrande att i.", tykkjest først og fremst uproffesjonelt, so ukorret, og til slutt langt over på det burleske, all den tid fleire i miljøet kjenne til den nevnte sin eksepsjonelle fysiske form. Den som er råka av slike utsagn, vil til Svedje og Fjell sine leserar informere om at han, for det første, starta 2 timar etter våre arme ridderar, Loen og Holen. For so, etter endt Skåla tur, gå rett på en knallhard spinning time med vår store lyrikar og kjøpmann, Andre Opheim. Av hensyn har vi anonymisert personen det her er snakk om, men innad i gruppa kan en seie at han Leif Otto ikkje e heilt fornøgde med skriveriene dine, Holen! :)

    Bjørn Inge

    SvarSlett
  2. He! Ditta skal vi jaggu fikse opp i. Les nøye gjennom artikkelen.Det va no heller meint at eg og Loen brukt 4 - 5 timar opp med ski og dei til fots sprong så fint og lett over skaren.......

    SvarSlett