måndag, februar 02, 2009

Opptur i tåkehavet.

Søndag 1. feb tok 5 kara opp kampen mot storskredfjellet i oppstryn.
Med flotte forhold på startstreken såg vi lyst på nå toppen, som er oppgitt til 1814moh.





Vår finnske turkamerat var meir i tvil på geografien fordi fann ikkje fjellet på kartet sitt, der han kryssa av sine meritter. Og var i det heile usikker på sin eigen startposisjon.






Nei nei nei.
Ditta kartet fungerer kun i Finland.

Etter mykje prat, og lite action, spente vi oss føre, og begynte å søke høgdemeter. Første biten gikk med bil og til fots. Litt knoting imellom tred og buske, så var vi komt over skogsgrensa, der vi tok ei kort pause for påfyll med drivstoffer.
Bilete er tatt på 800moh, og tåka sviva uforstyrra igjennom strynedalen.


At Oppstryn er skuggens dal, er velkjent både på kryss og tvers i stryn kommune.. Her er siste stigning, som tilbyr skarpe steina i skia, og ei dristig nedkjøring i høgre del.



Espen Aarnes Søgaard har lang erfaring
med randobindingar, men denne turen er første
gang med løs hel. Vel bestått.














I konkurrerande høgde med Skåla og Stryneskåla(tv) er storskredfjellet ein fin tur med jevn stigning, men so tidlig i sesongen er det smått med sol tidlig på dag
Nedfarten kan leggast både til lodalen og oppstryn.


Eit tjukt smurt lag med tåke so langt auge kunne sjå langs heile Strynedalen..
Her ser vi tuppen på Gryta til venstre midt i bilde.








Fra venstre, Antti Hannukainen, med den sibirske jervedreparhunden, Espen Aarnes Søgaard, Martin Kroken nesje, Odd Arne og Martin Flo.

Og som vanlig ingen bilder av nedfarten..

3 kommentarer:

  1. Sjukt bra innlegg............. Godt med glade innlegg frå fjellheimen. Keep up the good work! Du må melde inn desse karane som ikkje er Svedje og Fjell medlemar.

    SvarSlett
  2. vart en del flotte bilde på toppen faktisk.
    men korleis får eg delt opp innlegget, slik at overskrifta og kanskje eit bilde + litt tekst står på framsida, og so kjem resten fram når en trykke på linken?
    er ikkje vits å smørje alt utover framsida.

    skjønte ikkje heilt kor de virka me en gong.

    SvarSlett
  3. Det har litt med innstillingane på bloggen. Skal prøve å endre det slik at ikkje heile innlegget bli klistra ut på framsida. Elles det med innlegging av bilde er litt rart. Beste e`å legge inn bilda fyrst i den rekkefølge ein vil ha, så skrive teksten inn mellom bilda.

    SvarSlett