søndag, mars 15, 2009

Komikkens høyborg reiser seg på Natakupa

I eit trekkfult lende, utsett for både finevêr og null-sikt har det i lengre tid vore debattert om å bygge en iglo av nasjonal meirverdi. Søndag 15.Mars skulle bli dagen vi satte planen ut på tynn is. Med kort varsel, vekslande oppmøte og skjelvande vêrmeldingar vart vi faktisk mange nok til at vi såg lyst på livet denne dagen og.

Bevæpna til hofta med eit sortement av glavaknivar og handsager med variert slitasjepreg sette vi oss i heisen og bivåna sola sin tilstedeverelse. Startskuddet for toppturen gikk ca 100 meter under natakupa ettersom fikk haik med en hyggelig personellcarrier fra steindalen. . Denne dagen hadde vi meir i gjerde en å gå en fjelltur, so sport får vere sport for denne gong.

Alle fatta grep om sine verktøy ganske kjapt, og Per-Helge la inn ein god søknad som beskjærar og plasserte klossane med kirurgisk presisjon.


Her er han med ho Asbjørn. Dei 2 la grunnmuren i dagens økt..

I mellomtida fikk eg jobb som innvendig masseforflytter, og da tok det brått slutt på bilda..


Vidare fikk vi besøk av fleire patruljer med fjellfolk som la litt av sin tid innom konstruksjonen.



Til slutt var det bygging av foajèn som og fungerer både som vindfang og hjelp til å holde tempraturen på eit komfortabelt nivå. Innvendig diameter er innen rekkevidde av 3 meter, og operativ takhøgde på på mellom 2.5 og 3 meter



Sluttmanskapet sit på benken utanfor igloen..


Det her er det beste av alle bilder utvendig. Sittegruppa utvendig er litt synlig, og inngangen til igloen er på samme nivå som brisken inne. Det gir ei eksepsjonell takhøgde.



Finalistane pakkar ned utstyret, og set kursen ut i det store intet ned framsida av natakupa.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar