måndag, mars 16, 2009

Drømmedag på Botnenibba 1372m.o.h.

Med så mange flotte skiturar i umiddelbar nærleik av skiheisen i Steindalen, kan det fort bli at ein går mykje oppatt samme turane. Dette fann Per Helge og eg ut at det no var på tide å endre på. Etter litt om og men fall valget på Botnenibba 1372m.o.h. i Sunddalen, samme dal som Skihella ligg for dei som kjenner til denne. Behagelig start lørdag i strålande sol og påskestemning. Frå Mindresunde køyrer ein vidare opp til Vonheim, og langs skogsveg herfrå. Allereie her skulle turen bli spennande, isen på vegen skulle vise seg glattare enn først antatt. Men ved hjelp av enn halvtime med kreativ grusing og god erfaring innan oppbremsing ved utglidning ved alpin tindeferd, fekk ein etterkvart bilen over på trygg grunn. Vidare lett oppover skogsveg til Innigardssætra. Herfrå tek ein seg opp i dalen, og utsynet her er til å miste pusten av. Fantastisk mykje flott skiterrerng. Herfrå kan ein berre ta sikte på den karakteristiske toppyramiden på Botnenibba. Vi la sporet opp i høgrekant av fjellet, her får ein til tider flott utsikt inn i den bratte nordveggen ned mot Røyrhus. Vi fekk samtidig inspisert nedkøyringa, denne var meir moderat bratt enn først antatt. Vel oppe kunne vi nyte utsikten 360 grader, og ein del nye turplanar vart sjølvsagt lagt:) Vi la sporet ned midt i fjellsida, føret var fantastisk!

Ved inngangen til dalen. Fjellet til venstre
er Liaaksla, også et meget flott skifjell, men
her må snøtilhøva vurderast nøye, ryggen ned
er bratt! Sjå forøvrig boka Bergtatt Stryn.


Per Helge Bø med den pyramideforma Botnenibba i bakgrunnen.

Snart oppe. Bak styrtar nordveggen ned mot Røyrhus.
Flott topprygg!


Skavlane heng godt utover nordveggen, dette er ikkje staden
å rote rundt på i skodde eller dårleg sikt!




Fjellside ferdig signert etter endt arbeidsdag:)


I følgetongen "Vi prøvar å filme nedkøyringa" syner vi filmen som kanskje formidlar litt av skigleda nedatt! Turen kan verkeleg anbefalast, og kan stort sett fullførast under alle forhold heile vinteren!
Som så mange gongar før, takk for en flott tur Per helge!
Frank-Jakob Sandbakk




1 kommentar:

  1. Dette var ei fantastisk side for en halvt Stryning som gleder seg til påskeferie..

    SvarSlett