måndag, april 13, 2009

Påskeavslutning Oppheim-Storskredfjellet i kanonvêr

Etter ei heller miserabel påske vêr og føremessig, med nedbør, høge temperaturar og mykje sterk vind, kunne vi heve augebryna når vi studerte yr.no igår kveld. Meteorologane lovde kjempeavslutning på påska, og dette måtte utnyttast. Etter mykje om og men vart tur avtalt med Bjørn-Inge og Per Helga, sistnemnde har gått turen i motsatt retning tidlegare, og var gira på en repetisjon. Tidleg start klokka åtte på Oppheim, herfrå gjekk det oppover med ski på sekken langs det som likna meir på ei elv enn sti. Men oppover gjekk det, og rett under første sætra var det på med ski. Snøkvaliteten vart raskt bedre, og det gjekk lett opp til Nøkketjønna Allereie her oppe er utsikten formidabel, og ga ein forsmak på kva som var i vente. Første topp var Skredfjellet, ein avrunda liten topp vest for Aarheimsfjellet. Herfrå vidare ned til renna som går opp bak Alexandra hotell, artig å få sjå ned denne. Herfrå måtte skia av eit lite stykke, for å komme opp på toppryggen til Staurinibba. Etter forseringa av denne byrjar en på den lange,seige bakken opp til Dispahyrna, og oppe på toppen, i nydelig utsikt, hadde vi sokkelufting og velfortent matpause. Herfrå ser ein den imponerande Rjupedalsegga i all sin prakt,denne ryggen er utruleg flott, og vi såg alle fram til traversen vidare. Egga består av tre separate toppar, og skavlane hang mektige 10-15m utover nordveggen. Den siste toppen av rekka heiter Geitafjellhyrna, og etter denne var det igjen tid for pause i ura. Sola steikte, maten var fortreffelig og historiene til Bjørn-Inge gode! Etter å ha løyst diverse verdsproblem, var det igjen på med skia og komme seg vidare opp på Sorskredfjellet, vår siste topp på turen. Utsikten herfrå er nydelig, og ein har eit spesielt godt utsyn mot Skåla. vi kunne telle 30-40stk ta seg opp og ned. Vi valgte nedkøyringa ned til Sjingla/Loen, og skulle ikkje angre på det! Nærare 1200 høgdemeter ca 30 grader bratt samanhengane køyring. Denne fjellsida er byr på store svingar i stor fart i ope terreng, men bør kun køyrast under stabile forhold. Snøkvaliteten var bra heilt ned til Sjingla, og låra fekk verkeleg smake melkesyra. Vel nede var det ski på sekk og rusle ned til parkeringa med eit stort smil om munnen og sjøllysande panne og nase, slik det skal vere etter påske!
Kjempetur som trygt kan anbefalast!

Takk til Per Helge og Bjørn Inge for flott tur og godt kameraarbeid:)

Frank-Jakob


Utsikten inn Lodalen frå
ryggen er fantastisk!

Flott utsikt tilbake mot kjende trakter,
Natakupa og Kyrkjenibba dominerar.
Oppe på Dispahyrna, Rjupedalsegga strekk
seg austover med Storskredfjellet i enden.



Skåla tar seg uvanleg godt ut!


Per Helge har runda "Topp 2" på
egga.




I skaret mellom under Geitafjellhyrna





Utsikt tilbake mot Geitafjellhyrna
Per Helge blir liten i dette landskapet!






Glade og fornøgde gjer vi oss klare til ned-
køyring frå Storskredfjellet!









1 kommentar:

  1. Det der var litt av ein tur. For nokon fantastiske bilde. Såg på den ryggen då eg var på Staurinibba sist. Godt med ei slik avsluttning på påska.

    SvarSlett