onsdag, april 08, 2009

Oppheim - Staurinibba - Lohøgesætra

Oppheim (270 m.o.h.) er eit glimrande utgangspunkt for toppturar. Ein kjem seg raskt opp i fjellet og valmoglegheitane ned igjen er mange. Nordsida ned mot Lundesætra, sørsida ned mot Oppheim og søraustover frå Staurinibba ned mot Lohøgesætra.

Bilde over tatt frå nordsida av Skredfjellet (1155 m.o.h) mot Staurinibba. Lengst bak i bilde Skåla. Terrenget bak Rakesætra og Oppheimssætra er supert for lette toppturar med utsikt over dei tre dalføra i indre Nordfjord.


Utsikt frå Staurinibba opp Lodalen. Nedkøyringa frå Staurinibba (1379 m.o.h.) og ned til Lohøgesætra gir 750 høgdemeter med høgfjellskøyring i eit samanhengande strekk før ein kjem ned i skogen. Der etter nokon bratte meter med fin skogkøyring før ein må av med skia.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar