søndag, april 26, 2009

Dametur til Kolåstinden

Sju spreke damer frå Stryn og ei frå Ulsteinvik, reiste fredag 24. april til Standalseidet i Sunnmørsalpane med store forventningar. Planen var å gå Kolåstind laurdag og kanskje Fingeren søndagen.

Tidlegare i veka hadde vi med jamne mellomrom studert veirmeldingane for helga på yr.no. I byrjinga var det berre meldt dritvær, og det teikna til at heile turen kunne bli avlyst. Men heldigvis snudde værprognosen seg og det blei lova godt vær til laurdagen.

Kart: Ruta frå Standalseidet til Kolåstinden er markert med raud strek.


Kolåstinden er eit mektig skue. Her sett frå breen under toppen.



Godt med ein pust i bakken etter å ha nått toppen!

Og yr.no heldt ord. Laurdagsmorgon vakna vi til strålande vær. Vi la i vei frå hytta vi leigde på Standal Alpesenter kl. 9.00, og spente på oss skia ca. 200 m lenger oppe. Føret var upåklageleg, med tanke på at vi snart er komen over i mai. Med det strålande været og dei spektakulære fjellformasjonane rundt oss, var det ein fornøgd gjeng som endeleg kom seg på toppen av Kolåstinden kl.12.30. Eit stykke nedanfor toppen blei det rast og mat før vi sette skia utfor.

Då det var dårlege meldingar for søndagen var det tre ultra spreke damer Hildegunn, Turid og Marit som bestemte seg for å ta turen opp til Fingeren når dei først var så godt i gong. Resten vende nasa ned til Standalshytta på afterski. Der var det allereie stor stemning etter alpinrennet ”Fingeren ned”, som hadde gått føre seg tidlegare på dagen.

Stemninga blei ikkje dårlegare ut over dagen og kvelden. Etter ein dusj og ei forfriskande pils, blei vi med på full pakke med Bacalao og dans ut over til den seine kveld.

Dei som var med på turen:
Hildegunn, Turid, Helle, Viviann, Målfrid, Marit, Mariann og Heidi.

Sjå fleire bilder frå turen her.

Artikkelen er skreven av Heidi!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg inn en kommentar