tysdag, april 28, 2009

Skjorehynna















Noget sein blogging, men la gå.. Laurdag 18 april var Martin K. Nesje og Bjørn Inge å trakka rundt om i Flo-bygda. Målet for turen var Skjorehynna (1615 moh), med et par andre toppar innlagt i ruta. Eg har registrert at det er blitt øje populært for enkelte med over gjennomsnittet god innsikt i å utnytte world wide web sine muligheiter å bruke norgei3d bilder her på bloggen. Eg vil med dette gjere et tafatt forsøk på å prøve å hevde meg i data-bruk..

Merka med rødt er ruta som vi gjekk.

Med start på Flo går ein langs vegen til Flofjellet, for so å skjære kraftig høgre like før der elva kryssar vegen. Vidare følgde vi noken andre sine spor inn i Vasstekedalen, for so å klive opp på egga som ledar mot Blåhynna (1380). Som lokalkjent må eg seie at sporvalget var noko underleg, og nesten på toppen av egga fekk eg føle dette med å følgje skispor ukritisk. Under ein travers på hardt underlag og relativt bratt, (ca 40 grader vil eg anta, då uten å ha konferert med stav-trikset), so klarte eg å sparke skoen ut av bindingen, før påfølgande solo løp for skia ned til botnen av dalen. 90 poeng..










Bildet viser utsikt frå Blåhynna mot
Sandvika i Oppstryn . Relativt stygt å gå seg
utføre på venstre sida her...



Turen gjekk so vidare over Pikeskaret og retning skjorehynna. Tidvis aggresiv kliving i fjell og elendigheit, for so å flate ut eit godt stykke før en startar på siste 200 høgdemeterane opp mot toppen. Siste bildet er frå toppen, mot Stryn. Då var alle kamera + mobiltelefonar tomme for strøm, og vi kunne ha fokus på skikjøyringa istaden for forstyrrane element.


Helga etter (25 april) var vi på nytt på samme toppen. Denne gangen ilag med fleire S&F medlemmar, i tillegg til 5 italienera som var velsigna med våre guide tjenester. Denne gangen gjekk vi frå skihytta på Flofjellet og ruta er teikna med blått på det første bildet.
Pga. dårlig tid held innlegget desverre lav kvalitet, men eg skal prøve å skjerpe meg til neste sesong..
Takk for turen Martin!








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar