søndag, mai 03, 2009

Gourmet-tur til Gjegnabu

Torsdag 30. april 2009 reiste vi til Hyen for å gå på Gjegnen. Veiret såg ut til å bli bra, og vi hadde på førehand avtalt båttransport neste dag med Jens i Skjerdalen.

Fantastisk utsikt frå Gjegnabu!

Bilen vart parkert i skogsvegen ovanfor Hope, og vi starta på den bratte turen oppover mot Lavesteinen, som ein ser i himmelsjå frå dalbotn. Etter omlag to og ein halv time var vi framme ved Gjegnabu, og ingen andre var å sjå.

Gjegnabu med kokken i aktivitet.

Svoltne som vi var, tilberedde Kåre indrefilet av hjort, og vi kunne ete og drikke oss opp til neste dag.


Kåre på ryggen mot Gjegnen. Fjellet vert også kalla Blånibba.

Fredag 1. mai: Overskya men ok veir. Vi brukte omlag 2 timar frå hytta til toppen av den 1670 m høge Gjengen, som ruvar over Gjegnalundsbreen. Godt skiføre - men sterk vind når vi nærma oss toppen.

Etter å ha vore på toppen sette vi no kursen nordaust over mot Skjerdalen. Med felle under berre ei ski skaut vi fart over breen, og var ved brekanten ovanfor Svartevatnet etter ein time. Her må ein gå nokre høgdemeter for å kome rundt vatnet.

Ruta er ikkje merka og ved Gåsa bomma vi og kom nedover dalsida nord for fjellet. Dette synte seg snart å vere feil vegval, og fellene måtte på ski igjen. Men med meir kritisk kartlesing fant vi snart rette vegen ned til Skjerdalen.


Skjerdalen er eit flott område, med fiskevatn, masse hjort og lett å ta seg fram. Ved Svartevatnet er det gjort fleire førstegongsfunn av fossil frå Devontida. I 1885 kom W. C. Slingsby til Skjerdalen. Han vart så betatt av Skjerdalsvatnet og naturen omkring, at han skreiv: «The beaty of this lake and its varied surroundings will make it some day a favourite spot with those tourists who love the solitude of nature».

I halvseks-tida var vi nede i sivilisasjonen igjen. Etter ein kaffikopp og småprat med na Jens, skyssa han oss over fjorden, og taxi var tinga tilbake til Hope. Vi avslutta med motbakketrening oppover skogsvegen for å hente bilen.


Sjå bilete frå turen her!

DNT om Gjegnabu.
Wikipedia om Gjegnalundsbreen og Gjegnen.
Les også Favoritthytte med supersosial seng.

1 kommentar:

  1. Kjempe fine bilde, maten såg spennande ut.

    SvarSlett