laurdag, mai 23, 2009

Svedje og Fjell!

Kristi Himmelfartsdag vart brukt i Brenndalen. Oppgongen til Eidebotnen måtte sjekkast for evnt seinare bruk. Det er interessant å sjå korleis breen har gått tilbake seinare åra - ikkje berre på "lengda", men også på "høgda".


Lengst inne i Brenndalen er berre Svedje og Fjell! Skal tru om det var her Herr Wankel fekk ideen til maskineriet sitt?


Her er deler av oppgongen til Eidebotnen. Bak snøflekken ser ein Hilljeren. Går ein skora mot himmelsjå så kjem ein til Flatsteinbu.

Isen er litt tårna opp i fronten, men det skal ikkje mykje sikring til for å kome trygt inn på bretunga. Å kome i land frå breen og over på fjell skal gå fint, det spør berre om tida strekk til utover sommaren....










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar