søndag, mai 17, 2009

Josten på langs light

Josten på langs var egentlig beramma til 1.mai helga iår, men dårleg vêr satte en effektiv stoppar for dette. Per Helge og eg lufta tidleg denne veka høvet til å kanskje få utnytta dei gode vêrmeldingane for helga. Då det er lite snø, må ein høgt til fjells, og Jostedalsbreen fall då som eit naturleg alternativ. Undertegna har årleg tradisjon for å gå denne turen, og skulle ein komme over iår, måtte ein gripe sjansen no. Grunna familiære plikter 17.mai, måtte tidsperspektivet på turen krympast inn til to dagar, og vi bestemte oss difor for tur fredag til lørdag. Vi sto klare med ski på sekk i Bødalen fredag morgon halv sju, vêret var upåklagelig og forventningane store. Bødalen vart lett forsert,snøfri som den var, men ved Fessene møtte vi første utfordring, stien over elva var full av snø. Denne var heldigvis ikkje hardare enn at ein fekk sparka spor, så opp kom vi. Vidare følgde vi elva opp til Kåpevatnet og vidare opp brattbakken til brekanten. Opp her var det knallhard skare og underteikna fekk konstatert at fellane var av den smale sorten..



Per Helge kosar seg under VestlandsdronningaPer Helge i siluett mot brekanten. Oppe på breen var magane tomme og det var tid for påfyll. Pausa vart heller kort grunna litt plagsom vind. Men merkelig nok, når Per Helge rigga kiten for rask avansering innover flatene løya sjølvsagt vinden. Skia vart smurde og vi la iveg innover i nydelig vêr på flott føre. Andre folk var ikkje å sjå, men inne ved Kjenndalskruna såg vi mykje snøscooterspor, og forkaringa fekk vi kort tid etter, her var måleinstrument var utplasserte.

Psyken og tolmodet blir imidlertid satt på prøve på strekket mellom kruna og kvitekoll, denne sletta verkar endelaus, men gjev samtidig ei oppleving av mektig natur.


Per Helge organiserar sekk ein stad under Høgste breakulen, Lodalskåpa kneisar i bakgrunnen.



Timane gjekk fort og det vart etterkvart langt på dag, og det vart på tide å tenke på overnattingsplass. Vi hadde ønske om å nå Bings gryte denne kvelden,men fann ut at dette vart drygt, så valget av teltplass fall difor på Ramnane. Bildet over formidlar noko av den flotte kveldsstemninga ein opplevar på slike turar.










Utover natta auka vinden betrakteleg, og det vart etterkvart vanskelig å sove. Men teltet stod det av, og etter litt krevande sekkepakking i vind la vi avgarde vidare sørover. Etter en times gange i sterk vind og utan bruk av hjelpemiddel til navigering var det etterkvart noko med terrenget og omgjevanadane som ikkje stemte, Hurrungane låg no merkelig nok på høgre hand. Etter noko konferering med GPS og kart/kompass fann vi etterkvart ut at vi var på god veg mot Sogn. Ny kurs vart teken ut, og etter en halv times gange, hadde vi endeleg Bings gryte i sikte. Herfrå kunne vi gje livsteikn frå oss pr telefon.






Første bakken etter Bings er bratt, og skismurning vart verkeleg satt på prøve her, men som alltid vert ein redda av Swix universalklister. Det gjekk etterkvart radig mot Supphellenipa, men herfrå vart nysnøen våt og lite satt grunna varmen, så føret var trått. Dette i tillegg til motvind førte til at vi måtte gå diagonalgang ned Supphellebreen, og dette var surt,spesielt med tanke på at denne vart forsert på berre nokre minutt året før på gnistrande skareføre. Glade og nøgde tok vi oss inn på Flatbrehytta og kunne nyte lenge etterlengta cola.
Returen ned frå hytta gjekk uventa greit, snøforholda vart etterkvart bedre og skiferdigheitene kom seg. Men snart vart snøen så full av jord og stein at skia måtte på sekken, og låra fekk ein tung jobb siste halvtimen ned.






Supphellenipa, eit velkjent landemerke på breen kjem til syne i horisonten. Dette betyr at turen går mot slutten.
Nok en gang, takk for det som truleg er årets siste skitur Per Helge!
Mvh
Frank-Jakob

Sjå fleire bilete frå turen her!







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar