søndag, juli 26, 2009

Bolta rappellrute Natakupa nordvegg

Til tross for skiftande vêr og våte forhold, fekk underteikna og Ronny Heggen etablert bolta rappellrute i Natakupa nordvegg idag. Det øverste feste ligg ca 100meter vest for varden, i toppen av det tydelige diederet/toppslukta i nordveggen. Det er tre rappellar ned og festa med unntak av det siste ligg utanfor fallinja. Oppatt klatra vi den nye ruta "Bryllupsnervar" 5+, 4 taulengder. Denne ruta vart første gang klatra forrige veke av Vidar Dysthe og underteikna. Ruta går meir rett opp veggen, og byr på særs flott klatring. Det skal likevel nemnast at den har et meir seriøst og vedvarande preg enn den klassiske nordveggruta. Med rappellfester på plass skulle veggen no vere meir tilgjengelig for alle, topo blir straks lagt ut, og ein kan berre ta kontakt med underteikna for utfyllande informasjon. Under følger bilder frå ruta Brullypsnervar, klatra forrige veke.


Vidar Dysthe følger første taulengde Flott, kompakt klatring grad 4
Vidar ledar "drømmediederet" i andre lengda, fantastisk diederklatring grad 5. Molladalsnivå!!

Vidar koser seg siste meterane til stand tredje taulengde, grad 5-.



Vidar ledar topplengda gjennom "Nebbet", 5+, noko tynt sikra.


Slik ser rappellfesta ut, type Fixè 25kN med ringhengar.
Takk til Kåre Bø for lån av drill og Ronny Heggen for assistanse
Riktig god klatretur!!
Frank-Jakob Sandbakk




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar