søndag, juli 12, 2009

Fine forhold Natakupa nordvegg

Etter å ha høyrt rykter frå turfolk i Hornindal at nordveggen til Natakupa no skulle vere klatrebar, var det tid for å legge turen opp og sjekke sjølve. Ulrik og eg la difor iveg oppover igår kveld for å campe på toppen. Overraskinga var stor, då nokon iløpet av dei tre siste vekene har bygd en flott varde på toppen, med nokre enkle benkar rundt. Vi konstaterte rask at skavlen fortsatt ligg 3-4meter høg på toppen. Den har likevel smelta frå kanten med ei klaring på ca tre meter, så ein kan lett gå fram og tilbake under denne ifrå varden i nordvestleg retning. Eit bedre kveldsmåltid vart fortært og vi kraup deretter i posane. Natakupa er ein flott teltplass sålenge ein har tilgang på snø til å smelte vatn. Kan verkeleg anbefalast, og sjeldan har ein vel bedre utsikt ifrå soveplassen enn her. Noko regn på natta og om morgonen gjorde oss litt usikre på klatreforholda,men vi bestemte oss for å gjere eit forsøk.Skavlen ligg godt frå kanten, men ein må vere forsiktig når ein traverserar under denne.
Den nye flotte varden med benkar, godt tiltak! Flott topp som fortenar skikkelig toppvarde!

kveldstemning med Rokken i det fjerne.


Ulrik på standplass.
Vi hadde mest lyst til å klatre ruta "Nebbet"(sjå beskrivelse annan plass på Svedje og fjell), men denne var svært våt i toppen, så vi valgte den opprinnelge nordvegg-ruta. Denne er beskreve tidlegare her. Vi hadde ein flott tur, men fekk kjenne elementa meir enn ønska på siste taulengda i form av ei skikkelig regnskur!



Ulrik glisar på første standplass.
Kameraet gjekk sjølvsagt tom for straum midtvegs, difor få bilder frå klatringa.
Nordveggen vert utstyrt med bolta rappellanker med det første, og kjem til å legge ut info om det her og på http://www.klatre.com/ når dette er gjort. Dette forenklar adkomsten til nordveggen betraktelig. Inntil vidare må ein sette anker sjølv, eller evt gå ned til breen på nordvestsida. Bregleppa heilt nede kan vere problematisk å forsere.
Med ønske om god tur til andre klatrarar!
Ulrik og Frank-Jakob




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar