laurdag, januar 02, 2010

Turtips til snøhungrige Svedje og Fjellarar

Etter nokre dagar med køyring på kunstsnø med ungane i skiheis, var det idag på tide å lufte rando-riggen igjen. Valet fall på Gulkoppen, her kan det erfaringsmessig ligge ein del snø frå Holevatnet og opp til tross for dårlege snøforhold elles. Ein la iveg frå Tonningssætra i 12 friske minusgrader, utsikten herfra var upåklagelig. Vidare gjekk det lett opp langs vegen til Holevatnet, noko avblese her og der,men ingen problem.




Utsikta frå Holevatnet nordover mot Holeskaret. Eg la sporet opp den store snødekte flanken til venstre for skaret, vidare oppover langs bowlen til topps.
Kryssing av Holevatnet. Skia vart våte ved eit høve,truleg overflatevatn under snøen, så ver forsiktig ved kryssing!Vestrenna på Holeskarhornet. Denne vart køyrt av Per Helge og underteikna ifjor vår, flott rennekøyring!


Oppover bowlen, Holevatnet langt der nede. Her oppe var det en del snø.



På toppen, Stryn sentrum i bakgrunnen! Lyset er uvanleg flott ifjellet på denne tida av året!
Så skulle du vere tvil om søndagsturen, er Gulkoppen eit greit alternativ. Så vidt meg bekjent er det meldt meir snø imorgon og mandag, vi får krysse fingrane og håpe det kjem ein del.
Frank-Jakob









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar