Og skiføret var upåklagleg - med pudder heilt til siste kneika mot toppen. Vindstille og kaldt klart veir gjorde turen til ei oppleving.
Kåre på toppen. Gullkoppen i bakgrunnen til høgre.
På veg oppover observerte vi fleire sjølvutløyste skred, men snøpakken virka likavel stabil. Men i siste bratte kneika under toppen fekk vi eit nytt varsku om at ein skal passe seg: Vi gjekk med ca 30 m avstand i rundt 25 graders gradient, og plutseleg drønna det kraftigt. Snødekket sprakk, men ingen utglidning. Vi gjekk i eit område med ein del stein som stakk opp, og følte oss rimeleg trygge på vegvalet. Vi lista oss vidare dei siste meterane til topps.
Konklusjon:
Den lange kuldeperioden vi har hatt, kan medføre danning av begerforma snøkrystall nede i snøpakken. Dette kan skape ustabile forhold, som vi kanskje må slite med vidare utover vinteren. Forholda ser ut til å vere langt meir utstabile i vinterfjellet i år enn i fjor! Gjer derfor fornuftige vegval både opp og ned igjen!
God tur!
PS! Den 13. februar er det Høgenibba Fjelltelemarksrenn. Meir info her.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar