tysdag, februar 16, 2010

Skredkurs Åndalsnes

Åndalsnes e`eit fjellmekka berre 3,5 times køyring frå Stryn. Underteikna var sist helg ein tur til vår nabo i nord for å oppdatere seg på skredfronten. SKIromsdal sto som arrangør for kurs og tok oss med inn i dei mektige fjell som omkrinsar Åndalsnes.

Den mektige Trollveggen var eit flott skue når vi kom opp på egga som førte vidare til fjellet Blånebba. Nedkøyringa var litt plaga med flatt lys, men turen opp i sola gav meirsmak på meir lusking i Romsdalfjella.





Med utgangspunkt frå Vengedalen gjekk vi mot Blånebba. Her hadde ein utsikt til mange av dei toppane som gjer Romsdal til eit eldorado for dei som likar fjellklatring, isklatring, basehopping og skikøyring.
Bilde under ser ein Vengetind til venstre og Romsdalhorn til høgre


Ein anna topp nytta mykje til toppturar er Kyrkjetaket. Den ligg heilt til venstre i bilde under. Elles er det godt med fjell i dette området.........(klikk på bilde så kan du studere)


Til slutt må ein ta med eit nærbilde av Romsdalhorn.


Lenkjer om Romsdal:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar