søndag, mars 07, 2010

Iglo på Småeggjene er klar


Då er igloen til årets vinterfestival klar. 15 morgonfriske iglobyggarar, med nokre unntak, møtte opp på skisenteret Laurdagsmorgon for å bidra til fellesskapet.
Pågrunn av årets noko spesielle snøforhold blei årets iglo flytta frå Natakupa til Småeggjene. Her fekk vi med hjelp av tungt utstyr frå skisenteret pakka den vesle snøen som er komen i år.


Bortsett frå snø i nakken gjekk bygginga smertefritt og palasset var klart til innflytting allerede klokka 2. Med sitjeplass til 13 smågrove stryningar blir nok stemninga god neste helg.


Espen måtte vi setje igjen som stillas. Folk som har lyst på ein skitur iløpet til veka må gjerne stikke oppom med ei kjeks og litt vatn så han held seg ståande til helga.

Møt opp på Laurdag og Søndag for hygge og moro i igloen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar