måndag, februar 01, 2010

Topptur til Natakupa

x
Endeleg var snøen på plass i Stryn. Ikkje dei mengde som har vore dei siste åra, men nok til at ein kunne få seg nokon svingar i særdeles flott pudder. Den siste dagen i januar kunne knapt vore betre med strålandes sol frå ein skyfri himmel. Ein delegasjon ståande av Per Helge, Kåre, Asbjørn, Frank Jakob, Ulrik, Rune Halvard og ein kar frå Markane fekk æra av å sette sine signaturar ned framsida av Natakupa. 
  

Turen gjekk via Småeggene. Her er det framifrå utsikt over indre Nordfjord. Endå er det litt lite snø i fjellet. Mykje stein lurar under den kvite overflata, så ein må vise ekstra varsemd når ein skal sette fart på skia ned igjen. Litt ned på var vi har og der men det gjekk tåleg bra. Sjølv med lite snø er skredfaren stor. Ein del sjølvutløyste skred og lydar i snøteppe tydar på at det er noko ustabilt i henga.


Hyggeiglo med vert Even Flo til vinterfestivalen kan bli ei utfordring. Der ekje mykje snø å bygge iglo av endå. Vi får håpe vergudane drysse meir edel vare over fjella slik at suksessen frå i fjor med iglo på Natakupa kan fortsette.


Takk til alle som var med på Natakupa i dag  og så håpar vi på meir typisk Strynesnøforhold i tida framover

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar